Bifertenstock (på retoromansk Piz Durschin) er eit 3 419 m høgt fjell i Glarus-Alpane i Sveits. Fjellet ligg på grensa mellom kantonane Glarus og Graubünden. Nærliggjande fjelltoppar er i vest Tödi, i sør Piz Frisal og i nordaust Hintere Schiben.

Toppturen Bifertenstock vart klive fyrste gongen 7. september 1863 av Roth, Sand, Raillard samt Heinrich Elmer, Vordermann og Stüssi. Dei klatra fjellet frå aust langs ei rute som ikkje vert rekna som særleg vanskeleg. Frå Bifertenhütte tek turen til topps om lag fem timar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bifertenstock» frå , den 19. oktober 2009.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Glarus Kategori:Fjell i Graubünden