Hanne Inger Bjurstrøm () er ein norsk jurist og tidlegare politikar frå Arbeidarpartiet. Ho var arbeidsminister frå 2009 til 2012 i regjeringa Stoltenberg II.

Bjurstrøm er likestillings- og diskrimineringsombod frå 2016.

Bjurstrøm har vore dommar, konsernadvokat i Aker RGI og nestleiar i Arbeidsretten, og har også arbeidd i Europarådet, hos Regjeringsadvokaten og i Justisdepartementet. Ho kom til arbeidsminister-stillinga frå ei stilling som spesialrådgjevar i Miljøverndepartementet og Noreg sin forhandlingsleiar i dei internasjonale klimaforhandlingane.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Cicero om Hanne Bjurstrøm

Kategori:Norske arbeidsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Norske juristar Kategori:Politikarar frå Oslo