Dents du Midi (fransk: "Tennene i sør") er eit fjell i Chablais-Alpane i kantonen Valais i Sveits. Fjellet består av sju ulike toppar, den høgste er 3 257 m. Det reiser seg veldig over Val-d’Illiez og Rhônedalen, på sørsida ligg det oppdemde vatnet Lac de Salanfe. Geologisk høyrer fjellet til Haut-Giffre-massivet.

Fjelltoppane Dents, eller «tennene», er frå aust mot vest:

La Cime de l'Est (3178 m) La Forteresse (3164 m) La Cathédrale (3160 m) L'Éperon (3114 m) Dent Jaune (3186 m) Les Doigts (3205 m og 3210 m) eller Doigts de Salanfe La Haute Cime (3257 m)

Steinras Morgonen 30. oktober 2006 losna i kring 1 000 000 m³ fjell frå sida av Haute Cime og rausa ned til ei høgde av kring 3000 m. Raset var ikkje til fare for landsbyen Val-d'Illiez, men vegar og stiar vart stengde. Geologar forklarte raset med tining etter frostsprenging, forsterka av dei heite, forutgåande somrane.

L’Éperon Fleire fjellras i massivet har endra forma på fjelltoppane så mykje at namna gjev seg sjølve etter endringane i den lokale geologien. L’Éperon (=Brodden), til dømes, har ikkje to toppar lengre, sidan eit større ras i mellomalderen forandra forma på fjelltoppen.

mini|277px|La Dent Jaune i Dents du Midi

Fyrsteklatringar Namn på fjelltopp Dato for fyrstebestiging Klatrar(ar) Cime de l'Est 16. august 1842 Nicolaz Delez Forteresse 7. juni 1870 E. Javelle og J. Oberhauser La Cathédrale 1890 Nicolas Delez La Dent Jaune 24. august 1879 La Haute Cime 1784 Jean-Maurice Clément

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dents du Midi» frå , den 26. oktober 2009.

Bakgrunnsstoff Dents du Midi på SummitPost Bilete av Dents du Midi (frå Champery)

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Valais