San Fernando er ein by i provinsen Cádiz i Spania med like under 100 000 innbyggjarar. Byen vert stundom kalla La Isla («Øya»), men er ikkje lenger noko øy, men ei halvøya som er knytt til fastlandet. Innbyggjarane i San Fernando vert lokalt kalla cañaíllas eller isleños.
Historie mini|venstre|Kyrkje i San Fernando.
Kommunen spelte ei viktig rolle i 1810 under den franske okkupasjonen leia av Napoleon. San Fernando og Cádiz var dei einaste områda av Spania som ikkje overgav seg til franskmennene.
Cortes Generales møttest i Komedieteateret (i dag Real Teatro de las Cortes) og starta førebuinga av den første liberale grunnlova i Spania, som vart godkjend i nabobyen Cádiz i 1812.
Flamencosongaren Camarón de la Isla vart fødd i San Fernando.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «San Fernando, Cádiz» frå , den 27. oktober 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Andalucía Kategori:Spanske hamnebyar ved Atlanterhavet