Tanaelva, på nord-samisk Deatnu, finsk Teno («Storelva»), er ei 348 kilometer lang elv, den femte lengste i Noreg,Norges vassdrags- og energidirektorat: Dei lengste elvane i Noreg som renn gjennom kommunane Karasjok og Tana i Finnmark fylke. Over 256 kilometer av elva utgjer grensa til Finland. Den eksakte grensa følgjer djupålen i elva, og blir kontrollert kvart 25. år.
mini|venstre|Sommarnatt på Tanaelva
Elva er kjend for laksefisket og er den største lakseelva i Noreg. Tanaelva har verdsrekorden for den største atlantiske laksen teken på stong. Han vog 36 kilo og vart teken i 1929.
Tana bru blei bygd i 1948 og har eit hovudspenn på 195 meter. Ho er den lengste mjuke hengebrua i Noreg. Grensepassering til og frå Finland skjer ved Polmak og over Samelandsbrua ved Utsjoki.
Elva munnar ut i Tanafjorden. Tanamunningen er eit av dei største urørte deltaområda i Europa.
Tana blei verna mot kraftutbygging i 1980 gjennom Verneplan II for vassdrag.
Referansar
Delar av denne artikkelen bygger på «Tanaelva» frå , den 20. november 2018.
Kategori:Elvar i Finnmark Kategori:Elvar i Finland Kategori:Geografi i Tana Kategori:Geografi i Karasjok Kategori:Den norsk-finske riksgrensa