Johan Fredrik Eckersberg () var ein norsk kunstmålar. Han er særleg kjend for sine landskapsmåleri frå høgfjellet.

Liv og gjerning

mini|venstre|Tømmerkjørsel og Mærkning mini|venstre|Fra Horgheim i Romsdal, 1857 mini|Romsdalshorn, 1865 mini|Folkedrakt frå Voss, 1861

Eckersberg var fødd i Drammen, der faren var kjøpmann. I yngre år lærte han seg til farens yrke. Under eit opphald i Nederland vart han for fulle kjend med målarkunsten. Han fekk si målarutdanning ved Den kgl. Tegneskole i Kristiania, under Johannes Flintoe (1843-46), og sidan ved kunstakademiet i Düsseldorf under Johann Wilhelm Schirmer (1846-48). I Düsseldorf fekk han elles rettleiing frå Hans Gude, og Eckersberg vart påverka av både denne og avdøde August Cappelen sin målarstil.

Frå 1848 busette Eckerberg seg i den norske hovudstaden. Han levde av å måle landskapsbilete og illustrere eventyr. Dessutan laga han teikningar til plansjeverk (til dømes Norge fremstillet i Tegninger og Norske Nationaldragter). 1852-54 budde han av helsegrunnar på Madeira. Året etter han kom heim fekk han trykt ei mappe med fargelitografi basert på opphaldet.

I si framstilling av det norske landskapet la Eckersberg etter kvart vekt på den klare, skarpe strek. Det koloristiske vart tona ned, og landskapa framstår som meir røyndomsnære enn tilsvarande som dei andre norske düsseldorf-målarane laga. Slik vert han ein overgangsfigur i norsk kunsthistorie mellom romantikken og realismen. Fra Valle i Setesdal er hans fyrste hovudverk, midt i 1860-åra kom Solnedgang på fjellet og Fra Jotunheimen.

Eckersberg oppretta i 1859 ein målarskule i Kristiania. Denne skulen fekk stor innverknad på norsk kunstliv dei neste tiåra. Trass i dårleg helse grunna tuberkulose, dreiv han skulen fram til sin død. Skulen vart driven vidare av mellom andre Knud Bergslien.

Eckersberg døydde i Sandvika i Akershus.

Verk Fra Valle i Setesdal, 1852 Norske Nationaldragter, 1852 Views in the islands of Madeira, 1855 Portrett av Rikard Nordraak Romsdalshorn, 1865 Brudeferd i Hardangerfjorden, 1865 og 1866 Fra Jotunheimen, 1866

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Johan Fredrik Eckersberg» frå , den 29. oktober 2009 .

Glenny Alfsen: «Johan Fredrik Eckersberg» i Norsk biografisk leksikon

Bakgrunnsstoff

Kategori:Landskapsmålarar Kategori:Norske målarar Kategori:Folk frå Drammen Kategori:Målarar frå 1800-talet