Marvin Sigve Halleraker () er ein norsk kunstnar, kjend som avisteiknar og illustratør. Halleraker vart fødd i Stavanger, men voks opp i Sandane og i Bergen.

Arbeid Marvin Halleraker er utdanna ved Bergen Kunsthøgskole (BKHS) der han studerte frå 1981 til 1985. Han har arbeid som avisteiknar for Bergens Tidende og seinare Vårt Land. Han har illustrert fleire bøker og debuterte som forfattar med si eiga biletbok Høyt over husene i 2007. Halleraker har også arbeidd med måleri og fotografi.

Teiknestilen hans er kjenneteikna av ein sikker og ledig blyantstrek, jamne fargeflater i dempa fargeskala og eit grafisk uttrykk. Han arbeider vidare med frihandsteikningane sine i digitale teikneprogram, som Photoshop. Motiva er ofte enkle og visuelt poengterte.

Marvin Halleraker bur på Skjold utanfor Bergen med kone og fire barn.

Bokutgjevingar 2007: Høyt over husene - billedbok med egen tekst

Bokillustrasjonar 1993: Åse Enerstvedt (red.): Lillegrieg : en juniorkatalog til utstillingen Din Grieg 1999: Anders Aschim: Hemmeligheten i hulen : en fortelling om Dødehavsrullen - fagbok for barn og unge 2001: Trine Aulin Halleraker: Kvelden lister seg på på tå : tekster ved dagens slutt og livets begynnelse 2003: Henry Van Dyke: Den fjerde vismann 2003: Linda Eide: Kvardagstraume i utval 2004: Rolf Steffensen: I Guds hånd 2004: Frode Grytten: Hull & sønn 2005: Erna Osland: Skarpe tenner - fagbok for barn og unge 2006: Erna Osland: Fint å ha far - fagbok for barn og unge

Prisar (utval) Kulturdepartementets illustrasjonspris 2005, for Skarpe tenner (saman med Erna Osland)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Marvin Halleraker» frå , den 30. oktober 2009.

Bakgrunnsstoff Nettstaden til Marvin Halleraker Intervju i Bergens Tidende 26.10. 2007 Store Norske Leksikon sin artikkel om Halleraker, skriven av Øyvind Reisegg.

Kategori:Norske illustratørar Kategori:Norske teiknarar Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Folk frå Gloppen