thumb|Inngangen til Kultur- og likestillingsdepartementet m.fl. i Oslo
Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) er eit norsk departement med ansvar for kultur-, likestilling og diskriminering-, medie-, idretts- og pengespel- og lotterisaker og koordinerer statleg politikk i samanheng med friviljug sektor. Frå og med 28. juni 2023 har Lubna Jaffery frå Arbeidarpartiet vore Kultur og likestillingsminister i Noreg, ho tok over etter Anette Trettebergstuen frå Arbeidarpartiet.
Historie Noreg fekk eit eige kulturdepartement for første gong i 1982, med namnet Kultur- og vitskapsdepartementet. Før dette låg kultursakene under Kyrkje- og undervisingsdepartementet. Kyrkje- og undervisingsdepartementet blei etablert 17. november 1818. Under Kåre Willoch si regjering blei altså dette departementet delt i 1982 og ansvaret for kultursaker, høgare utdanning og forsking blei overført til det nye Kultur- og vitskapsdepartementet. I 1990 blei dei to departementa reorganiserte. Dei to nye departementa var Kyrkje- og kulturdepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet. I 1991 blei kyrkjesakene tilbakeført, og departementa fekk namna Kulturdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Frå 1. januar 2002 vart dette endra på nytt, og departementa fekk namna Utdannings- og forskingsdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet. Frå 1. januar 2010 vart namnet på departementet endra til Kulturdepartementet etter at Regjeringa Stoltenberg II bestemte å flytte kyrkjesakene over til Fornyings- og kyrkjedepartementet. Frå 1. januar 2022 vart namnet på departementet endra til Kultur- og likestillingsdepartementet.
Organisasjon
Politisk leiing Statsråd og sjef for departementet (kultur- og likestillingsminister) er frå 28. juni 2023 Lubna Jaffery frå Arbeidarpartiet.
Avdelingar Departementet har ein statsrådseksjon, ei kommunikasjonseining i tillegg til fem fagavdelingar:
Administrasjonsavdelinga Avdeling for likestilling, diskriminering og internasjonale saker Avdeling for sivilsamfunn og idrett Kulturvernavdelinga Medie- og kunstavdelinga
Underliggande etatar som er lista i KUD
Diskrimineringsnemnda Likestillings- og diskrimineringsombodet Kulturtanken - Den kulturelle skulesekken Nasjonalarkivet KORO - kunst i offentlege rom Nasjonalbiblioteket Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek Språkrådet Lotteri- og stiftelsestilsynet Medietilsynet Norsk filminstitutt Norsk kulturråd Riksteatret
Underliggande tidlegare eller andre mindre etatar ABM-utvikling Arkeologisk museum i Stavanger Bunad- og folkedraktrådet Norsk lokalhistorisk institutt Rikskonsertane Riksutstillingar Norsk filmfond Norsk filmutvikling Det praktisk-teologiske seminar Kyrkjerådet Opplysningsvesenets fond
Tidlegare kulturministrar +Kulturministrar frå og med 1981PeriodeStatsrådParti1981–1986Lars Roar LangsletHøgre1986–1989Hallvard BakkeArbeidarpartiet1989–1990Eleonore BjartveitKristeleg Folkeparti1990–1996Åse KlevelandArbeidarpartiet1996–1997Turid BirkelandArbeidarpartiet1997–1999Anne Enger LahnsteinSenterpartiet1999–2000Åslaug HagaSenterpartiet2000–2001Ellen HornArbeidarpartiet2001–2005Valgerd Svarstad HauglandKristeleg Folkeparti2005–2009Trond GiskeArbeidarpartiet2009–2012Anniken HuitfeldtArbeidarpartiet2012–2013Hadia TajikArbeidarpartiet2013–2015Thorhild WidveyHøgre2015–2018Linda Hofstad HellelandHøgre2018–2020Trine Skei GrandeVenstre2020–2021Abid RajaVenstre2021–2023Anette TrettebergstuenArbeidarpartiet2023–Lubna JafferyArbeidarpartiet
Sjå òg Norske kulturministrar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske departement Kategori:Norsk kultur Kategori:Religion i Noreg