Jon Ottar Hustad () var ein norsk lektor, journalist og forfattar frå Bondalen i Hjørundfjord i Ørsta kommune. Hustad var utdanna historikar og tok hovudfag ved Universitetet i Oslo om amerikansk Kina-politikk etter Koreakrigen.Jon Hustad Krise og stillstand : USAs Kina-politikk 1954-1959 Hovudoppgåve i historie - Universitetet i Oslo, 1997 I løpet av utdanninga hadde han eit studieopphald i Sambandsstatane. Der gjennomførte han arkivstudiar ved Eisenhower-biblioteket i Kansas. Hustad arbeidde mellom anna som journalist i Klassekampen og forskingsredaktør i Morgenbladet. Ei tid var Han også lærar i grunnskulen. Frå 2007 arbeidde han som journalist i Dag og Tid.
Han fekk Ole Vig-prisen i 2002 og Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2016.
Bibliografi Skolen som forsvann, 2002 14 menn og 1 kvinne, 2004 Hjørundfjorden (med Per Eide), 2005 Varsleren, 2006 Gjeldsslaven Europa, 2012 Partiguiden, 2013 Farvel Norge, 2013
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Journalistar i Klassekampen Kategori:Journalistar i Morgenbladet Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Folk frå Ørsta Kategori:Folk frå Hjørundfjord