mini|Leikespade.
Eit leiketøy eller ei leike er noko som ein kan leike med, anten ein er barn eller vaksen. Dei kan vere enkle ting brukt i ein fornøyeleg aktivitet, eller dyre og innvikla saker. Medan mange leiketøy har svært lange tradisjonar bak seg, er andre meir moteprega, og assosierte med særskilde tiår.
Leiketøy er ofte mindre modellar av ting og vesen frå det verkeleg livet, til dømes av reiskap (som spann og spade, leikehammar, kjøkkensett), dyr (tøydyr eller plastikkdyr), menneske (dokker og leikesoldatar), og køyretøy (som leikebilar og togsett).
Merkeleiker Mange suksessrike filmar, fjernsynsprogram, bøker og idrettsformer har offisielle produkt, ofte leiketøy, som vert laga og selde. Blant dei mest kjende døma er Star Wars og Manchester United. Eit anna døme er eit transportselskap eigd av Eddie Stobart som byrja å produsere modelllastebilar, og no subsidierar resten av selskapet. Nye produktseriar vert i dag ofte planlagde som større kampanjar med både leiketøy og TV-seriar og filmar heilt frå starten av, til dømes Pokemonkort.
Vaksenleiker Leiketøy hovudsakleg selde til vaksne vert gjerne marknadsført som ein måte å redusere jobbrelatert stress og kallast ofte stressfjernarar. Desse må skiljast frå «leiketøy for vaksne», då ein med det gjerne meiner sexleiketøy.
Døme Koseleiketøy Dokker Tøydyr TeddybjørnKonstruksjonsleiketøy LEGO Meccano Mega Bloks Stickle bricksMekaniske leiketøy Mekaniske puslespel Rubiks kubeModellbygging Modellbil ModelltogLeiketransport Gyngehest Olabil TrehjulssykkelEldre leiker Klinkekuler Leikeinstrument Leikesoldatar Leikeverkty Leikevåpen Kaleidoskop Puslespel Snurrebass Moteleiker Frisbee (1950-åra) Rockering (1960-åra) Hoppestokk Jojo (1930-åra og framover) Tamagotchi (2000-åra)
Sjå òg
Spel Leiketøymerke Sexleiketøy
*