mini|Mishandling av slave i Brasil. Illustrasjon av Jean-Baptiste Debret (1768-1848). Den atlantiske slavehandelen, også kalla for den transatlantiske slavehandelen, viser til handelen med slavar som skjedde ved frakt av menneske som blei kjøpte eller tekne til fange i Afrika, og selde eller distribuerte i Nord- og Sør-Amerika frå 1500-talet til ut på 1800-talet. Det store fleirtalet av slavar i den atlantiske slavehandelen var afrikanarar frå dei sentrale og vestlege delane av verdsdelen. Dei blei hovudsakleg kjøpte frå afrikanske slavehandlarar av europeiske handelsmenn som transporterte dei til koloniane i den nye verda. Der blei slavane sette til å arbeida på plantasjar som produserte kaffi, kakao, sukker og bomull, i gruver som skaffa gull og sølv, på rismarkene, i konstruksjonsindustrien, tømmer og skipsbygging, eller i herskapshus der dei arbeidde som tenarar. venstre|mini|Trekantfarten var fordelaktig fordi skipa hadde last under heile reisa, og dei segla slik at vind og straum blei utnytta maksimalt. I byrjinga av kolonitida prøvde europearane å ta urfolka i Amerika som slavar, men mange døydde av utmatting eller av sjukdommar frå den gamle verda som dei ikkje var motstandsdyktige mot. Alternativ arbeidskraft som europeiske kontraktstenarar var utilstrekkeleg. Mange av produkta som blei dyrka i Amerika var vanskelege å produsera i Europa, og det viste seg meir profitabelt å produsera dei i Amerika ved hjelp av slavearbeid.Solow, Barbara (red.) (1991): Slavery and the Rise of the Atlantic System, Cambridge, Cambridge University Press. mini|Plakat om eit sal av «17 verdifulle unge negrar» på auksjon i New Orleans i 1840. Skipsfrakta av slavar var hovudsakleg driven av portugisarar, britar, franskmenn, spanjolar, nederlendarar og nordamerikanarar. I mindre grad deltok også andre land i slavehandelen. Danskar og nordmenn deltok òg, både som mannskap på nederlandske og andre utanlandske slaveskip, og direkte i dansk-norske slaveskip. SS «Fredensborg» er det best kjende dansk-norske slaveskipet. Dei dansk-norske skipa gjekk gjerne i trekantfart mellom København, dei danske koloniane på Gullkysten og dei danske øykoloniane i Karibiahavet: St. Thomas, St. Jan og St. Croix.
Europearar kjøpte hovudsakleg slavar frå afrikanske slavehandlarar, men nokre blei tekne til fange av europeiske slavehandlarar som angreip afrikanske samfunn, og tok folk til fange for å selja dei vidare.King Leopold's Ghost: A Story of Greed, Terror, and Heroism in Colonial Africa. Houghton Mifflin Books. 1998. ISBN 0618001905.Klein, Herbert S. & Klein, Jacob (1999): The Atlantic Slave Trade. Cambridge University Press. ss. 103–139. Dei fleste av historikarane i samtida reknar at mellom 9,4 og 12 millionar afrikanararBBC Quick guide: «The slave trade» kom til den nye verda,Segal, Ronald (1995): The Black Diaspora: Five Centuries of the Black Experience Outside Africa, New York: Farrar, Straus and Giroux, ISBN 0-374-11396-3, side 4: «It is now estimated that 11,863,000 slaves were shipped across the Atlantic.» [Note i originalen: Paul E. Lovejoy: «The Impact of the Atlantic Slave Trade on Africa: A Review of the Literature», i: Journal of African History 30 (1989), s. 368. men det nøyaktige talet på menneske som blei tekne med makt frå heimane sine er mykje større.Eltis, David & Richardson, David (2002): «The Numbers Game» I: Northrup, David: The Atlantic Slave Trade, 2. utg., Houghton Mifflin Co. s. 95.«African Holocaust How Many» i: African Holocaust Society: «While traditional studies often focus on official French and British records of how many Africans arrived in the New World, these studies neglect to include the death from raids, the fatalities on board the ships, deaths caused by European diseases, the victims from the consequences of enslavement, and the trauma of refugees displaced by slaving activities. The number of arrivals also neglects the volume of Africans who arrived via pirates, who for obvious reasons, wouldn't have kept records.»
Denne slavehandelen er tidvis blitt kalla for maafa av afrikanske og afroamerikanske forskarar, i tydinga «holocaust» eller «stor katastrofe» på swahili. Ein del forskarar, som Marimba Ani og Maulana Karenga, har nytta omgrepa «afrikansk holocaust» eller «slaveri-holocausten». Slaveriet var eitt element i ein økonomisk syklus i tre deler — trekantfart og mellompassasjen — som til sist involverte fire verdsdelar, fire hundreår og millionar av menneske og menneskelagnader.«African Holocaust Special» . African Holocaust Society.
Bakgrunn
Atlanterhavsfrakta mini|Denne gamle illustrasjonen av «avreisa til den nye verda» viser dronning Isabella og kong Ferdinand av Spania som tek farvel med Columbus 3. august 1492 i hamna i landsbyen Palos sørvest i Spania. Den atlantiske slavehandelen kom i gang etter at dei første handelskontraktane blei oppretta mellom «den gamle verda» (Europa og Afrika) og «den nye verda» (Nord- og Sør-Amerika). I hundreår hadde tidvasstraumar gjort segling over havet særleg vanskeleg og risikabelt for skipstrafikken, og det var såleis liten sjøkontakt mellom folka på dei ulike kontinenta.Thornton 1998. ss. 15-17. På 1400-talet hadde likevel den nye utviklinga i europeisk sjøfartsteknologi fått fram skip som var betre utstyrt til å hanskast med problema med tidvasstraumane, og som kunne byrja å kryssa Atlanterhavet på skrå. I denne prosessen kom europeiske sjøfolk i kontakt med dei vestafrikanske samfunna og i Amerika der dei tidlegare ikkje hadde vore.Thornton 1998. ss. 13. Historikaren Pierre Chaunu har skildra tida med isolasjon for ein del samfunn som eit paradigmeskifte til ei tid med aukande kontakt mellom dei fleste samfunn.Chaunu 1969. ss. 54-58.
Afrikansk slaveri mini|300x300pk|Afrikanarar i lenkjer, frakta til slaveri. Teikning frå 1890 Slaveri var praktisert i nokre delar av Afrika, Europa, Asia og i Amerika før den atlantiske slavehandelen tok til. Historical survey > Slave societies Det finst prov på at folk i nokre afrikanske statar blei eksporterte til andre statar i Afrika, Europa og Asia før den europeiske koloniseringa av Amerika.Ferro, Mark (1997): Colonization: A Global History. Routledge. ISBN 9780415140072. s. 221 Den afrikanske slavehandelen skaffa mange slavar til europearar og til dei muslimske statane.Person-Lynn, Kwaku: African Involvement In Atlantic Slave Trade . Jf. Boahen, Adu: Topics In West African History, s. 110. Før og fram til 1500-talet sørgde kristne slavehandlarar for å skaffa europearar som blei selde som slavar til muslimske land, og seinare herja muslimske sjørøvarar dei europeiske kystane og tok europearar til fange for å selja dei som slavar, mellom anna fleire tusen nordmenn, og denne praksisen skjedde til langt opp i moderne tid.Oppegård, Guri Gunnes (18. august 2010): «Middelaldersk trafficking» , Forskning.no Det kunne skje så langt unna som på Færøyane der 30 kvinner vart røva i 1629 og deretter frakta til slaveri utanfor Europa. Handel med slavar og slaveri var med andre ord ikkje eit særtrekk for Afrika.Meland, Astrid (16. mai 2006): Tok tusenvis av nordmenn som slaver, Dagbladet
Den atlantiske slavehandelen var ikkje den einaste slavehandelen i Afrika, men var den største og heftigaste. «Det afrikanske kontinentet forblødde dei menneskelege ressursane sine via alle tenkjelege ruter,» skreiv forfattaren og historikaren Elikia M'bokolo i avisa Le Monde diplomatique. «Tvers over Sahara, over Raudehavet, frå hamnene langs Indiahavet og over Atlanterhavet. Minst ti hundreår med slaveri til fordel for dei muslimske landa (frå niande til det nittande). ... Fire millionar menneske i slaveri vart eksportert via Raudehavet, fire millionar til via hamnene til Swahili til Indiahavet, kanskje så mange som ni millionar langs dei transsahariske handelsrutene, og elleve til tjue millionar (avhengig av forfattaren) som kryssa Atlanterhavet.» Ifølgje John K. Thornton kjøpte europearar menneske i slaveri som var tekne til fange i dei konstante krigane mellom afrikanske statar.Obadina, Tunde: «Slave trade: a root of contemporary African Crisis» , Africa Economic AnalysisM’bokolo, Elikia (2. april 1998): «The impact of the slave trade on Africa», Le Monde diplomatiqueThornton, ss. 112 Det var også afrikanarar som dreiv forretning med å ta andre afrikanarar til fange frå folkegrupper i nærområdet, eller som krigsfangar, og som sidan blei selte som slavar. Thornton, ss. 310 Europearar skaffa ein stor handel for ein allereie eksisterande handelsmarknad.Thornton, ss. 94 Medan ein afrikanar som blei halden som slavae sin eigen region i Afrika hadde høve til å rømma og såleis frigjera seg frå slaveriet, hadde ein person som blei send til eit anna land eller kontinent sjeldan høve til å nokon gong koma tilbake til regionen og familien sin, eller å koma seg ut av slaveriet. Menneske som levde langs elva Niger blei transporterte frå desse områda og ut til kysten og deretter selde ved europeiske handelsstasjonar i byte mot muskettar og andre varer, som tekstilar eller alkohol.Thornton, ss. 45
Europeisk kolonisering og slaveri i Vest-Afrika høgre|mini|300x300pk|Alonso Fernández de Lugo presenterte høvdingar frå urbefolkninga på Tenerife på Kanariøyane for dei spanske monarkane Isabella og kong Ferdinand. Ved oppdaginga av nye landområde ved sjøoppdagingar, byrja europeiske kolonistar snart å utvandra og busetja seg i land utanfor sitt eige kontinent. Utanfor kysten av Afrika invaderte og koloniserte europearar, under leiing av kongedømmet Castilla, Kanariøyane i løpet av 1400-talet. Dei forvandla det meste av landet til produksjon av vin og sukker. Dei innfødde på øyane, guanchefolk, blei tekne til fange og brukte som slavar både på desse øyane og over heile det kristne Middelhavet.Thornton 1998. ss. 28-29.
Ved å nytta Kanariøyane som marinebase byrja europearane, for det meste portugisarar på dette tidspunktet, å flytta aktivitetane sine lengre sørover langs vestkysten av Afrika. Dei drog på angrepstokt og tok folk til fangar som seinare blei selde som slavar kring Middelhavet.Thornton 1998. ss. 29-31. høgre|mini|300x300pk|Kongen av Kongo gjev audiens til portugisarar og eigne undersåttar. I 1494 hadde den portugisiske kongen kome fram til ei semje med herskarane i fleire vestafrikanske statar som tillét handel mellom folka deira. Dette gjorde det mogleg for Portugal å delta i den velutvikla handelsøkonomien i Afrika utan å hamna i konfliktar. Fredeleg handel blei regelen langs heile den afrikanske kysten, men det oppstod framleis konfliktar frå tid til anna, som då portugisiske handelsmenn prøvde å erobra Bijagosøyane i 1535. I 1571 erobra Portugal, med støtte frå kongeriket Kongo, den sørvestlege regionen av Angola for å sikra dei økonomiske interessene sine i området.Thornton 1998. s. 38-39. Kongo gjekk seinare inn i ein koalisjon for å pressa portugisarane ut i 1591, men då hadde Portugal hadde sikra eit fotfeste på kontinentet som landet kom til halda på til ut på 1900-talet.Thornton 1998. s. 40. Trass i desse sjeldne tilfella av vald mellom afrikanske og europeiske styrkar klarte likevel mange afrikanske statar å sikra seg at handelen gjekk for seg på deira eigne vilkår. Dei kravde toll frå framande skip, og i eit tilfelle i 1525 arresterte kong Affonso I av Kongo eit fransk skip og mannskapet på det etter at det hadde drive handel ulovleg langs den kongolesiske kysten.Thornton 1998. s. 39.
Europeisk kolonisering og slaveri i Amerika mini|Karibfamilie, teikna av John Gabriel Stedman i 1818