Arbeidsdepartementet, opphavleg Departementet for de offentlige Arbeider, var eit norsk departement som vart oppretta 1. september 1885 og nedlagd den 22. februar 1946. Den første statsråden med ansvar for dette departementet var Hans Rasmus Astrup, som sat frå opprettinga til 1887.Samferdselsdepartementet - Statsråd 1885 -

Då departementet vart oppretta fekk det tildelt oppgåver frå: Indredepartementet - vegar, jernbane, brannvesen m.m. Marine og postdepartementet - hamnevesenet Kyrkje- og undervisingsdepartementet - den europeiske gradmålinga, tekniske skular og undervisningsanstaltar

Frå 1944 til utgangen av 2. verdskrig heitte departementet Trafikkdepartementet, men fekk attende både namn og struktur som Arbeidsdepartementet då krigen slutta. Frå 1946 fekk departementet endra ansvarsområde, og vart omdøypt til Samferdsledepartementet.

Vidare har fylgjande departement eksistert: 20. desember 1948–31. desember 1989: Kommunal- og arbeidsdepartementet 1. januar 1998–1. oktober 2004: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Referansar

Bakgrunnsstoff Arkivverket - Arbeidsdepartementet 1885-1946

Kategori:Tidlegare norske departement Kategori:Skipingar i 1885 Kategori:Nedleggingar i 1946 Kategori:1885 i Noreg Kategori:1946 i Noreg