Torolf Fossland () var ein norsk tollar og biletkunstnar som spesielt arbeidde med akvarell og grafikk.

Torolf Fossland vart fødd og voks opp på øya Tomma i Nesna, der foreldra Joakim Sørensen og Anna Kristensdotter levde av fiske og gardsdrift på hennar heimgard Forsland. Sjølv gjekk han underoffiserskole på Vardøhus, og arbeidde lenge som tollassistent i Svanvik. I 1937 vart han gift med Lulla EInrid Melvik. Dei flytta til Lierne i 1945 og til Karmøy i 1958. Som pensjonist flytta han i lag med kona til Rakkestad.

Målarkunsten var ein fritidssyssel som han utvikla gjennom arbeidet med kunsten, sidan gjennom kurs delfinansiert av stipend frå UNESCO. Han debuterte som utstillar i HTAL Galleries i New York i 1967. Sidan hadde han to separtutstillingar i New York, i 1970 og 1974. Den første separatutstillinga si hadde han i Haugesund kunstforening i 1968. Han hadde sidan fleire separatutstillingar både i Noreg, Danmark og Frankrike; den siste i Paris 1983.

Bileta hans utvikla seg ut over 1960-åra frå eit naturalistisk uttrykk i retning av det abstrakte. Kunsten hans heng i dag mellom anna ved Høgskolen i Nesna, Svanvik folkehøgskole og Petter Dass-museet.

Kjelde: Helge O. Larsen; «Torolf Fossland» i Årbok for Helgeland 2009 ISBN 978-92-90148-02-2

Kategori:Norske biletkunstnarar Kategori:Folk frå Nesna