Slaget ved Saint Cast var eit slag under sjuårskrigen på franskekysten mellom den britiske marinen og hæren og franske kystforsvarsstyrkar.

Under sjuårskrigen sette britane i gang fleire amfibiske operasjonar mot Frankrike og franske landområde rundt om i verda. I 1758 vart det fleire operasjonar, kalla ‘Descents’, mot nordkysten av Frankrike. Målet med desse landgangane var å erobra og øydeleggje franske hamnebyar, leie franske landstyrkar bort frå Tyskland, undertrykke kaperane og spreie panikk og forvirring i Frankrike. Slaget ved Saint Cast var den siste amfibiske operasjonen britane gjorde i denne krigen etter at det enda i eit stort nederlag.

Bakgrunn Operasjonen omfatta ein større styrke frå den britiske marinen og hæren.Robert Beatson, Naval and Military Memoirs of Great Britain, from 1727 to 1783, London, 1804, Appendix s.170, 176, 191, 193 Marinestyrkane var to skvadronar som bestod av Admiral Anson sine 22 linjeskip med ni fregattar og 15 500 mannRobert Beatson, Naval and Military Memoirs of Great Britain, from 1727 to 1783, London, 1804, s.201 og kommandør Howe sitt linjeskip med 64 kanonar, ti fregattar fem korvettar, to brannskoip, to bombeketsjar,Barrow, Sir John,The Life of George, Lord Anson, London, 1889, s.309. 6000 sjømenn, 6000 marinesoldatar, 100 transportskip, 20 vaktskip, 10 lagringsskip og ti kutterar med totalt 5000 sjømenn. Landstyrkane bestod av fire infanteribrigadar og eit par hundre lette dragonar, totalt over 10 000 soldatar. mini|venstre|Admiral Lord Anson Dei britiske sjøstyrkane vart kommandert av admiral Lord Anson, med kommandør Howe som nestkommanderande. Landstyrkane vart kommandert av generalløytnant Thomas Bligh. Mot dette forsvarte franskmennene seg med fleire garnisonstroppar og milits tynt spreidd langs nordkysten av Frankrike.

I starten oppnådde operasjonen stor suksess og tok hamna i Cherbourg. Britane øydela hamna og skipa som låg her, frakta bort store mengder krigsmateriell og varer.Robert Beatson, Naval and Military Memoirs of Great Britain, from 1727 to 1783, London, 1804, Appendix s.194 Dei spreidde franske troppane flytta seg mot Cherbourg og britane drog til sjøs og sette seg mot Saint-Malo den 5. september. Denne byen hadde derimot eit for sterkt forsvar. Vêret vendte seg no imot britane og dei meinte det ville vere tryggare å gå i land lenger vest i bukta ved Saint-Cast og byane Saint-Guildo og Matignon. Flåten segla avgarde, medan hæren marsjerte på land den 7. september. Dei neste dagane kom hæren ut for fleire småtreffingar. Den 10. september vart Coldstream-styrken send i forkant til Saint Cast for å samle forsyningar og frakte dei attende til hæren. Generalløytnant Bligh slo leir med hæren ved Matignon, om lag 5 km frå Saint Cast.

Samstundes hadde Richelieu, duc d’Aiguillon, kommandanten i Bretagne, samla 12 ståande infanteribataljonar, inkludert regiment frå Royal Vaisseaux, Voluntaire Étranger, Bourbon, Bresse, Quercy, Penthièvre og Marmande, frå garnisonen i Saint Malo ein brigade av regiment frå Fontenay-le-Comte, Brie og Boulonnais; seks kavaleriskvadronar, nokre kompani frå kystmilitsen, og fleire artilleribatteri. Den franske armeen sette inn 8000-9000 mann under kommandanten Marquis d'Aubigné, og marsjerte raskt til Saint Cast frå Brest via Lamballe og frå Dinan.

Slaget Bligh braut leir klokka 3 på natta den 11. september og nådde stranda på Saint Cast før klokka 09. Innskipinga gjekk særs seint. Transportskipa låg langt til sjøs og dei flatbotna landingsbåtane frakta berre 70 mann kvarDaniel Mackinnon, Origin and services of the Coldstream Guards, London 1883, Vol.1, s.395. og vart opphavleg nytta til å frakte forsyningar, artilleri, buskap og hestar. Nesten ingen soldatar hadde kome seg ombord då franskmennene dukka opp og opna kanoneld mot stranda.Ein soldatjournal., London, Printed for E. og C. Dilly, 1770, s.39 mini|Richelieu, duc d'Aiguillon Bligh hadde sett 1500 mann i bakgroppenDaniel Mackinnon, Origin og services of the Coldstream Guards, London 1883, Vol.1, s.400-401 kommandert av generalmajor Dury, for å dekkje tilbaketrekkinga på andre sida av nokre sanddyner. Det oppstod forvirring og panikk hos britane i iveren etter å kome seg bort frå stranda.Ein soldatjournal, London, Printed for E. og C. Dilly, 1770, s.39-40 Dei franske styrkane flytta seg langs ein dekt veg ned til stranda og sette ut tre brigadar i linja med ein fjerde brigade i reserve. Dei fem fregattane og bombeketsjane prøvde å dekke den britiske innskipinga, og elden frå desse skapte uorden og dreiv dei franske linjene tilbake ei stund. Dei franske artilleribatteria hadde gode posisjonar i høgda over stranda og bukta. Franskmennene sokk tre av landingsfartøyaDaniel Mackinnon, Origin and services of the Coldstream Guards, London 1883, Vol.1, s.401 fulle av soldatar og andre landingsfartøy vart øydelagde på stranda.Lieutenant-General F.W.Hamilton, Origin and History of the First or Grenadier Guards, London, 1874, Vol. II. s.165J.W. Fortescue,A History of the British Army, MacMillan, London, 1899, Vol. II. s.344 Då det var kring 3000 britiske soldatar att på stranda, starta nærkampen. Franskmennene rykte fram mot dei siste britisek posisjonane ført av ein bataljon på 300 mann, medan den britiske flåten avfyrte kanoneld mot dei.Revue anglo-française, Tome Quatrième, Poitiers, 1836, s. 47 Dette var eit bajonettåtak kommandert av marquis de Cussi og comte de Montaigu. Baktroppen under Dury prøvde på eit motåtak der han vart dødeleg skadd, og troppen rømde i panikkTobias Smollett, History of England, The Revolution, Death of George the Second. Designed as a Continuation of Mr, Hume's History., Vol.III, London, 1848. s.500 ut mot sjøen og 800 mista livet medan rundt 700 vart tekne til fange.J.W. Fortescue,A History of the British Army, MacMillan, London, 1899, Vol. II. s.345

Etterverknad Dette vart det siste forsøket under den amfibiske opersjonen på franskysten under sjuårskrigen. Frykta for enno eit nederlag og dei store kostnadane operasjonen medførte var ein større bakdel enn fordelen med å ta dei franske hamnene. Britane heldt derimot fram krigen mot dei franske koloniane og øyane som dei franske landstyrkane ikkje kunne nå.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 8. november 2009.

Kategori:Slag i sjuårskrigen Kategori:Franske slag Kategori:Britiske slag