mini|Kart over Aust-Afrika med Afarsenkinga avmerkt. Linjene viser grensa mellom jordskorpeplatene, og trekantane viser vulkanar. Afar-senkinga (også kalla Danakil-senkinga og Afar-triangelet) er ei geologisk senking ved Afrikas horn, som dekker Eritrea, den etiopiske Afar-regionen og Djibouti. Senkinga omfattar ørkenen Danakil og Asalsjøen, det lågaste punktet i Afrika (155 muh.). Dallol, det varmaste folkesette området på jorda, ligg i Afar-senkinga.
Området er kjent som ei «vogge for menneskja», med rike funn av hominid-fossil og tidlege steinalderverktøy. Ved Gona har ein funne nokre av verdas eldste steinverktøy, og ved Hadar fann ein fossilet «Lucy», eit godt bevart Australopithecus-fossil.
Afarsenkinga ligg ved møtepunktet for tre jordskorpeplater. I dag er senkinga svært varm og tørr. Gjennomsnittstemperaturar er rundt 25 °C i regntida og 48 °C i tørketida. Den høgaste temperaturen ein har målt var 64,4 °C på 1930-talet. Ho er endorheisk nedslagsfelt for Awash-elva, som endar her i ein serie stadig saltare innsjøar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Afar Depression» frå , den 9. november 2009.
Kategori:Eritreisk geografi Kategori:Djiboutisk geografi Kategori:Geologiske senkingar Kategori:Etiopisk geografi Kategori:Tørre område under havnivå