Løns- og prisdepartementet er eit tidlegare norsk departement.
Departementet vart oppretta under Regjeringa Gerhardsen III med verknad frå 1. august 1955.
Det vart nedlagt under Regjeringa Bratteli I den 7. mai 1972. Arbeidsoppgåvene vart ved nedlegginga for ein stor del overført til Forbrukar- og administrasjonsdepartementet som vart oppretta frå 8. mai 1972.
Den siste statsråden i Løns- og prisdepartementet, Olav Gjærevoll, vart den første statsråden i Miljøverndepartementet som også vart oppretta frå 8. mai 1972.
Sjå også Norske løns- og prisministrar Norske departement
Kjelde Regjeringen.no om Løns- og prisdepartementet, vitja 9. november 2009
Kategori:Tidlegare norske departement Kategori:Skipingar i 1955 Kategori:Nedleggingar i 1972 Kategori:1955 i Noreg Kategori:1972 i Noreg