Mæland II er det andre byrådet i Bergen kommune leia av Monica Mæland, og er samansett av Høgre og KrF. Fram til 28. april 2009 var også Frp ein del av byrådet. Byrådet vart vald i bystyret i Bergen 29. oktober 2007.
Monica II-byrådet er det tredje byrådet i Bergen etter at parlamentarismen vart innført i 2000. Byrådet overtok etter Mæland I-byrådet.
Endringar i byrådet Mæland II vart danna som eit fleirtalsbyråd samansett av Høgre, Frp og KrF. Etter usemje i byrådet om ein bompengesøknad for vidare finansiering av samferdsleprosjektet Bergensprogrammet, valde dei to Frp-representantane i byrådet, Liv Røssland og Øistein Christoffersen, å trekkje seg 28. april 2009. Bergen bystyre gjorde endringar i byrådet 25. mai 2009|publisher=Bergen kommune|accessdate=15.11.2009}}. Det vart også gjort endringar i byrådet etter at Henning Warloe og Tomas Moltu trekte seg frå byrådet 28. september 2009. Desse vart erstatta av Harald V. Hove og Filip Rygg.
Byrådane Mæland I-byrådet er samansett av byrådsleiar, med eiga fagavdeling, og fire byrådar. Monica Mæland, Høgre, byrådsleiar og byråd for kultur, kyrkje og idrett Lisbeth Iversen, KrF, byråd for byutvikling, næring og klima; nestleiar i byrådet Christine B. Meyer, Høgre, byråd for helse og inkludering Harald V. Hove, Høgre, byråd for finans, konkurranse og eigarskap Filip Rygg, KrF, byråd for barnehage og skule
Tidlegare byrådar Henning Warloe, Høgre, byråd for kultur, næring og idrett Tomas Moltu, KrF, byråd for barnehage og skule Liv Røssland, Frp, byråd for helse og inkludering Øistein Christoffersen, Frp, byråd for byutvikling og bydelar
Referansar
Bakgrunnsstoff Nettsida til byrådet i Bergen kommune Politikarregisteret til Bergen kommune
Kategori:Politikk i Bergen