Berkshire er eit grevskap søraust i England. Det vert ofte kalla Royal County of Berkshire sidan kongebustaden Windsor Castle ligg i grevskapet. Dette namnet, som går tilbake til 1800-talet, vart anerkjend av dronninga i 1958 og stadfesta i 1974.

Berkshire grensar til grevskapa Oxfordshire, Buckinghamshire, Surrey, Wiltshire og Hampshire og vert vanlegvis rekna som eit av «home counties». Under grensendringane i 1995 fekk grevskapet òg grense til Greater London.

Historisk var hovudbyen Abingdon, men i 1867 vart byen Reading - som då var mykje større - den nye hovudbyen. I 1974 vart Abingdon og fleire andre byar i nordvest av grevskapet flytta til Oxfordshire. I 1998 vart grevskapstyret avskaffa i Berkshire, og det vart eit seremonielt grevskap. Det øvste lokalstyret i Berkshire er no styra i dei seks distrikta i området, Bracknell Forest, Reading, Slough, West Berkshire, Windsor and Maidenhead og Wokingham.

Historie Grevskapet er eit av dei eldste i England. Det kan ha oppstått i 840-åra, då «Sunningum» (Aust-Berkshire) og «Ashdown» (the Berkshire Downs, truleg medrekna Kennet Valley) vart slått saman. Grevskapet vart først nemnd i 860. I følgje Asser har det namn frå ein stor skog kalla Bearroc (som ein meiner kjem av det keltiske ordet for «åslendt»).

Berkshire har vore åstad for mange slag gjennom historia, mellom anna under felttoget til Alfred den store mot danskane, med slaget ved Englefield, slaget ved Ashdown og slaget ved Reading. Under den engelske borgarkrigen vart det to slag i Newbury. Under den ærerike revolusjonen i 1688 fann eit nytt slag ved Reading stad.

Reading vart ny hovudby i 1867 og tok over for Abingdonhttp://www.berkshirehistory.com/villages/abingdon.html berkshirehistory.com som vart verande i grevskapet. Etter grensendringar i 1974 vart den nordlege delen av grevskapet ein del av Oxfordshire. Berkshire fekk byane Slough og Eton og delar av tidlegare Eton Rural District frå Buckinghamshire.

Utdanning I Berkshire ligg universiteta University of Reading (med Henley Business School), Imperial College (og universitetsområdet Silwood Park) og University of West London.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Berkshire» frå , den 15. november 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Historia til Berkshire Bilete frå Berkshire

Kategori:Grevskap i England Kategori:Berkshire