For regionen med same namn, sjå Vest-Midlands.

West Midlands er eit metropolitansk grevskap i vest i sentrale område av England med kring 2,5 millionar innbyggjarar. Det vart oppretta i 1975 frå delar av Staffordshire, Worcestershire og Warwickshire. Grevskapet består av sju bykommunar, City of Birmingham, City of Coventry og City of Wolverhampton, samt Dudley, Sandwell, Solihull og Walsall.

Grevskapsrådet i West Midlands vart avskaffa i 1986, så distrikta eller bykommunane er i røynda sameinte styresmakter. Grevskapet vert stundom kalla «West Midlands storbyområde». Dei sju bykommunane og den nærliggande sameinte styresmakta Telford and Wrekin har starta samarbeid som ein ikkje-lovfesta byregion kalla «Birmingham, Coventry og the Black Country».Region's Black Country title www.expressandstar.co.uk, 1. september 2006.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «West Midlands (county)» frå , den 29. november 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Bilete av Birmingham og West Midlands