mini|Mot Botnatunnelen austfrå.

mini|Austre innkøyringa til Geiteryggtunnelen. Fylkesveg 50 (Fv50) går mellom Fossheim i Aurland og Hol. Veglengda er 95,1 km, fordelt på to trasear.

Hovudtraséen går i Aurland langs Vassbygdevatnet, opp Låvisberget, gjennom tunnellar til Heimrebø i Aurlandsdalen som den følgjer til fylkesgrensa ved Geiterygghytta og følgjer så Sudndalen i Hol. Veglengda er 94 km, av dette 42,4 km i Vestland og 51,6 km i Buskerud. I tillegg går ein arm frå Steine bru til Bjelde i Vassbygdi i Aurland.

Historikk Vegen hadde tidlegare riksvegnummer 288 og 601. Vegen vart opna til Flåm i 1987 og vidare til Gudvangen då Gudvangatunnelen opna i 1991. Mellom 1991 og 2000 var riksveg 50 det første og einaste ferjefrie vegsambandet mellom Austlandet og Bergen. I november 2000 opna Lærdalstunnelen til Aurland, og riksveg 50 fekk endepunkt på Fossheim i Aurland.

Før 1962 var riksveg 50 namnet på vegen som i dag er europaveg 6 i Noreg, bortsett frå strekninga mellom Oslo og Svinesund i Østfold (då riksveg 1).

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trødde i kraft har han status som fylkesveg.

I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet. Gamle Fylkesveg 244 i Sogn og Fjordane vart lagt til som ein arm av Fylkesveg 50 i Vassbygdi, med ei lengd på 1,1 km.

Kommunar og knutepunkt

Fossheim, til Aurlandsvangen og vidare Nasjonal turistveg til Havnen i Lærdal Vassbygdtunnelen (1058 m) Vassbygdi Arm frå Steine bru Endepunkt Bjelde (1,1 km) Hagatunnelen (690 m) Låvisberget tunnel 4 (410 m) (vendetunnel) Kroktunnelen 3 (270 m) (vendetunnel) Langetunnelen 2 (1350 m) (vendetunnel) Låvisberget tunnel 1 (260 m) (vendetunnel) Stondalstunnelen (2246 m) Berdalstunnelen (4266 m) Nesbøtunnelen (2510 m) Botnatunnelen (904 m) Vetlebotntunnelen (286 m) uvisst (ca. 2900 m) til Nyhellervatnet Det høgaste punktet på vegen, Vestredalsvatnet (1160 moh.)

Privat veg (gamlevegen) utanom Geiteryggtunnelen → Geiterygghytta, 1240 moh. Geiteryggtunnelen (3281 m) Hol Hagafoss

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Aksjonsgruppen for vinteropen Rv50

Kategori:Primære fylkesvegar

Kategori:Fylkesvegar i Buskerud

Kategori:Vegar i Aurland Kategori:Vegar i Hol