Tyne and Wear er eit metropolitansk grevskap i Nordaust-England rundt munningen til elvane Tyne og Wear. Grevskapet vart oppretta i 1974 og består av fem bykommunar, South Tyneside, North Tyneside, City of Newcastle upon Tyne, Gateshead og City of Sunderland.

Tyne and Wear grensar i aust til Nordsjøen og til Northumberland i nord og County Durham i sør.

Tyne and Wear grevskapsråd vart avskaffa i 1986 og distrikta er i dag derfor i røynda sameinte styresmakter, sjølv om dei på papiret og etter lova framleis høyrer til grevskapet.Office of National Statistics - Gazetteer of the old og new geographies of the United Kingdom, p48. URL accessed March 12, 2007.Metropolitan Counties og Districts, Beginners' Guide to UK Geography, Office for National Statistics, September 17, 2004. URL accessed March 12, 2007.North East England Counties, The Boundary Commission for England. URL accessed March 12, 2007.

Området var tidlegare del av grevskapa Northumberland og County Durham.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tyne and Wear» frå , den 29. november 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff