Sebu eller zebu (Bos primigenius indicus eller Bos indicus), stundom kalla pukkelfe, er ein type storfe med opphav i Sør-Asia. Dei har ein karakteristisk feittklump på skuldrene, lutande øyrer og ein stor hudfold på halsen. Fargen er stålgrå og han har kraftige horn. Dei er tilpassa høge temperaturar og vert avla i mange tropiske land, både som rein sebu og som hybridar med tyrliknande storfe. Sebuar vert nytta som trekkdyr, mjølkekyr og som slaktekveg, og som biprodukt som hud, avføring til brensel og gjødsel, og er slik det viktigaste tamkveget i Asia og Afrika.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Zebu» frå , den 4. desember 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Storferasar