Åsgard transport er ein gassrøyrleidning som går frå naturgassfelta i Norskehavet til Kårstø i Rogaland. Røyrleidninga transporterer rikgass frå dei Equinor-opererte felta Njord, Åsgard, Heidrun, Kristin og Norne, og det Shell-opererte Draugenfeltet. Røyrleidninga har ei lengd på 707 km, inkludert 126 km med Norne gasstransportsystem. Åsgard transport kom i drift i 2000 og vart i 2001 knytt til Norne.

Røyrleidningen kan transportere om lag 25 milliardar kubikkmeter gass i året, medan 3,6 milliardar kubikkmeter gass kjem frå Norne. Operatør på røyrleidninga er Gassco, medan Equinor er teknisk tenesteytar.

Etter prosesseringa på Kårstø vert tørrgassen transportert vidare gjennom transportleidningar i Nordsjøen til forbrukarar i Europa.

Kjelder Fakta om Åsgard og Norne

Kategori:Norske røyrleidningar