Renfrewshire (skotsk-gælisk Siorrachd Rinn Friù) er ein av 32 regionar i Skottland. Han er ein av tre regionar som var ein del av det historiske Renfrewshire, òg kjend som County of Renfrew eller Greater Renfrewshire, i lag med Inverclyde i vest og East Renfrewshire i aust. Det eldre Renfrewshire eksisterer framleis som eit seremonielt grevskap og statthaldarskap.

Sjølv om den tradisjonelle grevskapsbyen Renfrew ligg i regionen, er administrasjonsstaden i regionen den nærliggande byen Paisley. Renfrewshire grensar i sørvest til Glasgow og inneheld fleire av pendlarbyane og landsbyane i nærleiken av Glasgow.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Renfrewshire» frå , den 14. desember 2009.

Bakgrunnsstoff