Alv Martin Askeland () var ein norsk sokneprest, målmann og salmeforfattar.
Askeland studerte teologi ved Menighetsfakultetet og vart ordinert som prest i 1942. I 1945 gifta han seg med Sara Aga.Sundalsslekt i Mauranger, del 2, Stord kommune I perioden 1945–55 var han hjelpeprest i Tysnes. I tillegg til det vanlege prestarbeidet samla han mykje minnesmateriale frå området som inkluderte mange gamle tradisjonar frå 1800-talet.Mikal Heldal, Preikesundag i Onarheim kyrkje Tysnes kystlag Frå 1956 til 1978 var han sokneprest. Frå 1963 var han også prost i Nordre Sunnhordland prosti.
Askeland var den fyrste styreformannen i Norsk Bokreidingslag etter nyskipinga i 1971. Elles var han mellom anna med på å skipe Ivar Aasen-sambandet i 1965, og han var formann i Prestemållaget mellom 1970 og 1972. I ei rekkje år var han og ein sentral person i Vestmannalaget.
Gjennom arbeidet sitt bar han fram tanken om eit bygdeuniversitet, og dette vart i 1974 ein realitet gjennom den frilynte folkehøgskulen Raulandsakademiet.Om Raulandsakademiet på nettstaden deira . Seinare motstod han norsk medlemskap i EU, og i 1997 gav ut ei bok som heitte Folkesuvereniteten, Stortinget og Grunnlovi: kontra norsk medlemskap i EUBokhylla.no
Alv Askeland gav ut salmesamlinga Kyrkjeljod i 1988. Siste delen av livet budde han på Utne, der kona hans var frå.
Verkliste Kyrkjeljod. Salmar - eigne og umsette (Norsk Bokreidingslag, 1988)
Prisar og utmerkingar 1982 Kongens fortenestmedalje i gull Æresmedlem i Norsk Måldyrkingslag Æresmedlem i Vestmannalaget Æresmedlem i Vestlandske Mållag
Kjelder «Alv Askeland» i Allkunne, innhenta 18. desember 2009.
Referansar
Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Haugesund Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull