mini|Orkesteret Fossegrimens logo mini|Dei unge solistane Eivind Hjeltnes Rygg (2007) og Hans Olav Hjetland (2008) med Orkesteret Fossegrimen 24.06.2025 Orkesteret Fossegrimen er eit regionalt amatørsymfoniorkester for dei indre kommunane i Hordaland og nabokommunar i Sogn og Fjordane. Det vart starta i 1917 av lektor Erik Eggen ved Voss off. Landsgymnas og har vore i mest kontinuerleg drift sidan, frå 1981 som regionalt symfoniorkester.
Orkesteret tel i dag rundt 40 aktive medlemer, både amatørar og yrkesutdanna musikarar i alle aldrar, frå ungdomsskuleelevar til pensjonistar. Medlemene vert rekrutterte frå heile regionen, og Fossegrimen har full symfoniorkesterbesetning. Fast dirigent og kunstnerisk leiar er violinisten Dagfinn Rohde, til dagleg musikar i Bergen Filharmoniske Orkester. Forutan dirigenten er 3 distriktsmusikarar og 4 andre yrkesutdana musikarar engasjerte fast som gruppeleiarar og instruktørar. Orkesteret har prøver fast ein kveld i veka.
Fossegrimen held vanlegvis 6-10 offentlege konsertar i regionen kvart år, då gjerne med 4 ulike program, som vanlegvis inkluderer eit barne-/familieprogram der unge musikarar/ kulturskule-elevar får vera med i orkesteret og gjerne vera solistar med orkesteret, framføring av eit større kor-orkesterverk (oratorium e.l.), eit symfonisk program og gjerne eit lettare sesongavslutningsprogram. I tillegg kjem gjerne tilfeldige ekstraoppgåver.
Orkesteret Fossegrimen ser det som si oppgåve å vera eit aktivitetstilbod for interesserte musikarar – amatørar og profesjonelle – i regionen, både strykarar, treblåsarar, messingblåsarar og slagverkarar. Det har òg samarbeid med musikklinene ved Voss Gymnas og Voss Folkehøgskule.
Orkesteret har sete på Voss. Øvingane vert haldne i Voss kulturhus i Voss sentrum.
Bakgrunnsstoff
Fossegrimen Fossegrimen Fossegrimen