mini|Ein kårde frå fyrste halvdel av 1700-talet. Ein kårde er eit stikkvåpen med ei lang, rett og trekanta stålklinge. Kården er det mest brukte konkurransevåpenet i fekting. Den moderne kården har opphav i duellsverda som vart brukte på 1800-talet.
Kårdefekting har for menn vore ei øving i OL frå 1896, og for kvinner frå 1996. Det har vore arrangert noregsmeisterskap sidan 1913, og for kvinner sidan 1986.
Galleri
Kjelder «Kårde» av Rolf Bryhn på SNL.no, innhenta 30. desember 2009.
Kategori:Stikkvåpen Kategori:Fekting