mini|Montcalm leiar troppane sine i Quebec. Louis-Joseph de Montcalm-Gozon, Marquis de Saint-Veran () var kommandant for dei franske styrkane i Nord-Amerika under sjuårskrigen eller den franske og indianske krigen, som krigsskodeplassen i Nord-Amerika vart kalla.
Montcalm vart fødd nær Nîmes i Frankrike i ein adelsfamilie og gjekk tidleg inn i militæret. Han var i teneste under den polske arvefølgjekrigen og den austerrikske arvefølgjekrigen, der han utmerkte seg og vart forfremma til brigadesjef. I 1756 sendte kong Ludcig XV han til Ny-Frankrike og leia forsvaret mot britane under sjuårskrigen. Montcalm oppnådde ein del suksess i 1756 og 1757, men britane mobiliserte store troppar mot Ny-Frankrike i 1758-1759, og det enda med at Montcalm vart slått og mista livet i Quebec og at franskmennene i 1760 mista Ny-Frankrike.
Montcalm var ein kontroversiell person og avgjerslene hans ved Quebec har vorte kritiserte av militærhistorikarar. Han vart mykje minna i Frankrike, Quebec og delar av New York.
Slag han deltok i
Den polske arvefølgjekrigen Omleiringa av Kehl (1733) Omleiringa av Philippsburg (1734)
Den austerrikske arvefølgjekrigen Omleiringa av Praha (1742). Slaget ved Piacenza (1746) - der han vart teken til fange. Slaget ved Assietta (1747) - skadd av geværeld Omleiringa av Ventimiglia (1747)
Den franske og indianske krigen Slaget ved Fort Oswego (1756) Slaget ved Fort William Henry (1757) Slaget ved Carillon - rekna som den største sigeren hans, der han slo ein britisk styrke på meir enn 16 000 mann med færre enn 4000 mann. Slaget ved Beauport (1758) Slaget ved Abrahamslettene (1759) - franskmennene tapte og Montcalm vart drepen av ei geværkule.
Minnesmerke mini|The Victory of Montcalm's Troops at Carillon av Henry Alexander Ogden. Fire fartøy i den franske marinen har vorte kalla opp etter han opp gjennom åra, den siste ein F70 fregatt frå 1975.
Mange stader og landemerker er kalla opp til ære for Montcalm. Mellom anna: Montcalm vidaregåande skule i London i Ontario; Rue Montcalm i Hull i Quebec; Montcalm Street, Detroit i Michigan; Montcalm County i Michigan; Montcalm Street, Ticonderoga i New York; Montcalm Avenue, Buffalo i New York. Montcalm Park, Oswego i New York, der Fort Oswego tidlegare låg Montcalm Avenue (opphavleg Avenue du Montcalm) i den historisk fransk byen Plattsburgh i New York Montcalm vidaregåande skule i Montcalm i West Virginia
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Louis-Joseph de Montcalm» frå , den 1. januar 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Franske generalar Kategori:Fransk adel Kategori:Folk frå Nîmes Kategori:Historia til Quebec Kategori:Franskmenn i sjuårskrigen