Saudi-Arabia, offisielt kalla Kongedømet Saudi-Arabia, er eit arabisk land i Vest-Asia som dekkjer det meste av Den arabiske halvøya. Med eit landareal på , er Saudi-Arabia geografisk sett det neste største landet i Den arabiske verda etter Algerie. Saudi-Arabia grensar til Jordan og Irak i nord, Kuwait i nordaust, Qatar, Bahrain og Dei sameinte arabiske emirata i aust, Oman i søraust og Jemen i sør. Det er det einaste landet som grensar både til Raudehavet og Persiabukta, og det meste av terrenget er turr, ugjestmild ørken eller aude landformer.

Dagens Saudi-Arabia var tidlegare fire fråskilde regionar: Hejaz, Najd, og delar av Aust-Arabia (Al-Ahsa) og Sør-Arabia ('Asir). Kongedømet Saudi-Arabia vart grunnlagd i 1932 av Ibn Saud. Han samla dei fire regionane til ein einskild stat gjennom ei rekkje erobringar frå og med 1902 med erobringa av Riyadh, der familien hans stamma frå; huset Saud. Landet har sidan vorte eit absolutt monarki, i røynda eit arveleg diktatur som vert styrt langs islamske liner. Wahhabi-islam har vorte kalla «det dominerande trekket ved saudisk kultur».Tripp, Culture Shock, 2003: s.14Malbouisson, s. 23 Saudi-Arabia vert stundom kalla «landet med dei to heilage moskeane», som viser til Al-Masjid al-Haram (i Mekka) og Al-Masjid an-Nabawi (i Medina), dei to heilagaste stadene i islam. Kongedømet har i alt 28,7 millionar innbyggjarar, der 20 millionar er saudiarabiske nasjonale og åtte millionar er utlendingar.«Saudi Arabia profile – Key facts». BBC News. 23. mai 2013

Saudi-Arabia er den største oljeprodusenten og eksportøren i verda, og kontrollerer det nest største oljereservoaret i verda.http://www.eia.gov/countries/index.cfm?view=production Med hjelp av fossile brensler har kongedømet vorte kategorisert som eit høginntektsland med høg Human Development Index (HDI), og er det einaste arabiske landa blant G-20-landa. Men Saudi-Arabia har den minst spreidde økonomien av landa i Golfrådet (GCC). Det er eit monarkisk einevelde og er rangert som «Ikkje fritt» av Freedom House. Saudi-Arabia er nummer fire i verda i høve til militære utgifter,The Military Balance 2014: Top 15 Defence Budgets 2013 (IISS) og i 2010–14 hadde SIPRI Saudi-Arabia som den nest største våpenimportøren i verda. Saudi-Arabia vert rekna som ei regional- og mellommakt. I tillegg til GCC, er landet ein aktiv medlem i Organisasjonen for islamsk samarbeid og OPEC.

Etymologi Etter samlinga av kongedøma Hejaz og Nejd fekk den nye staten namnet al-Mamlakah al-ʻArabīyah as-Suʻūdīyah (العربية السعودية) etter ein kongeleg resolusjon den 23. september 1932, av grunnleggjaren Abdulaziz Al Saud (Ibn Saud). Sjølv om dette normalt vert omsett som «Kongedømet Saudi-Arabia» tyder det bokstavleg «Det arabiske Saudi-kongedømet».

Ordet «Saudi» kjem frå as-Suʻūdīyah som på arabisk er eit adjektiv kalla ein nisba, som kjem av familienamnet til den saudiarabiske kongefamilien, Al Saud (آل سعود). At familienamnet er med i namnet på landet syner at det er ein personleg eigedom for kongefamilien. Al Saud er eit arabisk namn danna av ordet Al, som tyder «familien» eller «huset» til personnamnet til ein stamfar. I tilfellet Al Saud, er denne stamfaren personen som grunnla dynastiet på 1700-talet, Muhammad bin Saud.

Dei som ikkje anerkjenner det saudiarabiske styret (særleg Den islamske staten) kallar nasjonen «Haramayn-landet (dei to heilage stadene)» som refererer til Mekka og Medina.

Historie

Før grunnlegginga av Saudi-Arabia mini|Den arabiske halvøya i 1914. I før-islamsk tid, utanom nokre få urbane kjøpstader (som Mekka og Medina), var det meste av det som skulle verta Saudi-Arabia busett av nomadiske stammesamfunn i den ugjestmilde ørkenen. Den islamske profeten Muhammed var fødd i Mekka kring 571 evt. Tidleg på 600-talet samla Muhammed dei ulike stammene på halvøya og skapte ei enkel, islamsk, religiøs eining. Etter at han døydde i 632 utvida fylgjarane hans snøgt området under muslimsk styre til utanfor Arabia, og tok enorme landområde (frå Iberia i vest til dagens Pakistan i aust) i løpet av berre tiår. Med dette vart Arabia snøgt ein politisk perifer region i den muslimske verda då fokuset skifte til meir utvikla, erobra land. Frå 900-talet til tidleg på 1900-talet var Mekka og Medina kontrollert av ein lokal arabisk herskar kalla sharifen av Mekka, men det meste av tida svor sharifen truskap til herskaren i eit av dei store islamske rika basert i Bagdad, Kairo eller Istanbul. Det meste av resten av det som skulle verta Saudi-Arabia gjekk attende til tradisjonelt stammestyre.

På 1500-talet la Det osmanske riket under seg kysten av Raudehavet og Persiabukta (Hejaz, Asir og Al-Ahsa) til riket sitt og kravde overherredøme i dei indre områda. Ei av årsakene var å hindra portugisiske freistnader på å åtaka Raudehavet (difor Hejaz) og Indiahavet.William J. Bernstein (2008) A Splendid Exchange: How Trade Shaped the World. Grove Press. s. 191 ff Kor mykje kontroll osmanane hadde over desse områda varierte dei neste fire hundreåra i takt med styrken og veikskapen til den sentrale styresmakta.Bowen, s. 68 Det som skulle verta den saudiarabiske kongefamilien, kjend som Al Saud, kom til i Nejd i det sentrale Arabia i 1744, då Muhammad bin Saud, grunnleggjaren av dynastiet, slo seg saman med den religiøse leiaren Muhammad ibn Abd al-Wahhab,Bowen, s. 69–70 som grunnla Wahhabi-rørsla, ei streng, puritansk form for sunniislam. Denne alliansen oppstod på 1700-talet og gav den ideologiske drivkrafta til den saudiarabiske ekspansjonen og er framleis grunnlaget til det saudiarabiske dynastiet i dag. Den fyrste «Saudi-staten» vart skipa i 1744 i området kring Riyadh, og utvida seg snøgt og ei kort stund kontrollerte dei det meste av området som er dagens Saudi-Arabia,D. Gold (6. april 2003) «Reining in Riyadh». NYpost (JCPA) men vart øydelagd i 1818 av den osmanske statthaldaren i Egypt, Mohammed Ali Pasha."The Saud Family and Wahhabi islam". Library of Congress Country Studies. Ein mykje mindre, andre «Saudi-stat», som hovudsakleg låg i Nejd, vart grunnlagd i 1824. Gjennom resten av 1800-talet, kjempa Al Saud om å få kontroll over dei indre områda av det som skulle verta Saudi-Arabia med ein annan arabisk herskarfamilie, Al Rashid. Innan 1891 hadde Al Rashid sigra og Al Saud-familien vart drivne i eksil til Kuwait.

mini|Abdul Aziz Ibn Saud, den fyrste kongen av Saudi-Arabia. På byrjinga av 1900-talet hadde Det osmanske riket framleis kontroll eller overherredøme over det meste av halvøya. Under dette overherredømet vart Arabia styrt av eit lappeteppe av stammehovdingar, medan sharifen av Mekka hadde førerang og styrte Hejaz. I 1902 tok son til Rahman, Abdul Aziz—seinare kjend som Ibn Saud—attende kontrollen over Riyadh og førte Al Saud-familien attende til Nejd. Ibn Saud fekk støtte hos Ikhwan, ein stammehær inspirert av wahhabisme og leia av Faisal Al-Dawish, og som hadde vakse snøgt etter han vart oppretta i 1912. Med støtte frå Ikhwan, tok Ibn Saud Al-Ahsa frå osmanane i 1913.

I 1916, etter oppfordring og støtte frå Storbritannia (som kjempa mot osmanane i den fyrste verdskrigen), leia sharifen av Mekka, Hussein bin Ali, eit pan-arabisk opprør mot Det osmanske riket for å skapa ein samla, arabisk stat. Sjølv om det arabiske opprøret frå 1916 til 1918 ikkje oppnådde målet sitt, førte sigeren til dei allierte i den fyrste verdskrigen til slutten for osmansk overherredøme og kontroll i Arabia.

Ibn Saud slapp å verta involvert i det arabiske opprøret, og heldt i staden fram kampen sin mot Al Rashid. Etter at Al Rashid omsider tapte kampen, tok Ibn Saud tittelen sultan av Nejd i 1921. Med hjelp frå Ikhwan vart Hejaz erobra i 1924–25 og den 10. januar 1926, erklærte Ibn Saud seg som konge av Hejaz. Eit år seinare la han til tittelen konge av Nejd. Dei neste fem åra styrte han dei to delane av det doble kongedømet sitt som to fråskilde einingar.

Etter erobringa av Hejaz byrja Ikhwan å sjå seg om etter høve til å utvida wahhabist-styret inn i det britiske protektoratet Transjordan, Irak og Kuwait, og byrja å raida desse territoria. Dette møtte motstand hjå Ibn Saud då han innsåg faren med ein direkte konflikt med britane. Samstundes mislikte Ikhwan innanrikspolitikken til Ibn Saud, som verka å favorisera modernisering og auka talet på ikkje-muslimske utlendingar i landet. Dei vende seg difor mot Ibn Saud og etter ein to år lang kamp vart dei slegne i 1930 i slaget ved Sabilla, der leiarane deira vart massakrerte. I 1932 vart dei to kongedøma Hejaz og Nejd slegne saman til Kongedømet Saudi-Arabia.

Etter samlinga mini|Politisk kart over Saudi-Arabia. mini|Kongedømet Saudi-Arabia etter samlinga i 1932. Det nye kongedømet var eit av dei fattigaste landa i verda, avhengig av avgrensa inntekter frå jordbruk og pilegrimar. Men i 1938 vart det funne olje i Al-Ahsa-regionen langs kysten av Persiabukta, og oljeutvinning i stor skala byrja i 1941 under det amerikansk-kontrollerte Aramco (Arabian American Oil Company). Olja betra dei økonomiske tilhøva i Saudi-Arabia og gav dei stor politisk makt internasjonalt. Kulturlivet utvikla seg snøgt, hovudsakleg i Hejaz, som var senteret for aviser og radio. Det store inntoget av utlendingar som arbeidde i oljeindustrien auka det alt eksisterande framandhatet. Samstundes vart styret i landet stadig meir øydslande og drusteleg. I 1950-åra hadde dette ført til store statlege underskot og store utanlandslån.

I 1953 overtok prins Saud bin Abdulaziz som konge av Saudi-Arabia, då faren døydde. Det oppstod ei intens rivalisering mellom kong Saud bin Abdulaziz og halvbroren prins Faisal bin Abdulaziz, driven av tvil i kongefamilien om Saud var kompetent nok. Som fylgje av dette vart Saud avsett til gagn for Faisal i 1964.

I 1972 fekk Saudi-Arabia kontroll over ein del (20 %) av Aramco, og minka dimed den amerikanske kontrollen over den saudiarabiske olja.

I 1973 leia Saudi-Arabia ein oljeboikott mot vestlege land som støtta Israel i Yom Kippur-krigen mot Egypt og Syria. Oljeprisane firedobla seg. I 1975 vart Faisal myrda av nevøen prins Faisal bin Musaid og vart etterfylgd av halvbroren kong Khalid.Al-Rasheed, s. 136–137

mini|Dei administrative regionane og vegar i Saudi-Arabia. I 1976 hadde Saudi-Arabia vorte den største oljeprodusenten i verda. Under Khalid vart det ekstremt snøgt økonomisk og sosial framgang, og infrastrukturen og utdanningssystemet vart endra i landet; i utanrikspolitikken vart det danna tette band til USA. I 1979 kom det til to hendingar som skapte djup uro hjå styresmaktene og som hadde langvarig innverknad på saudiarabisk utanriks- og innanrikspolitikk. Det fyrste var den iransk-islamske revolusjonen. Ein frykta at sjia-minoriteten i Austprovinsen i landet (der oljefelta ligg) skulle gjera opprør etter å ha vorte inspirert av sine iranske, religiøse brør. Og det kom til fleire antistatlege opprør i regionen i 1979 og 1980. Den andre hendinga var erobringa av Stormoskeen i Mekka av islamittiske ekstremistar. Dei militante som var involverte var til dels arge på det dei rekna for å vera fordervet og den uislamske karakteren til Saudi-regjeringa. Styresmaktene fekk kontroll over moskeen etter ti dagar, og ekstremistane vart avretta. Ein del av svaret til kongefamilien var å utøva mykje strengare oppsyn av tradisjonelle religiøse og sosiale normer i landet (til dømes vart kinoane stengde) og å gje Ulema ei større rolle i regjeringa.Hegghammer, s. 24 Ingen av delane verka skikkeleg sidan islamismen voks seg sterkare.

mini|Dammam nr. 7, den første kommersielle oljebrunnen i Saudi-Arabia, fann olje den 4. mars 1938. I 1980 tok Saudi-Arabia full kontroll over Aramco frå USA.