Fylkesveg 7 (Fv7) i Hordaland gjekk mellom Trengereid i Bergen kommune og Brimnes i Eidfjord kommune. I 2019 blei han erstatta av fylkesveg 49 og fylkesveg 79.
Vegen gjekk frå Brimnes ferjekai med ferje til Bruravik, i tunnel til Granvin herad og vidare vestover på nordsida av Hardangerfjorden forbi Ålvik og Øystese til Norheimsund. Derfrå vidare vestover over Kvamskogen til Samnanger kommune og over til Trengereiddalen, der han møttee E16 igjen.
Før 1. januar 2010 var han del av riksveg 7.Forvaltningsreformen i Nasjonal transportplan, Stortingsmelding nr 16 2008-2009 Før 1992 var vegen Bergen-Nesttun-Granvin ein del av E68.
Nasjonal turistveg Strekninga mellom Steinsdalsfossen i Kvam herad og kommunegrensa til Granvin herad er del av nasjonal turistveg Hardanger saman med ei delstrekning Jondal – Utne på fylkesveg 550 og strekninga Låtefossen – Kinsarvik langs riksveg 13.
Historie Tokagjelet i Kvam mini|Frå austre parsell av vegen Vegen gjennom Tokagjelet vart stukke ut kring 1890, bygginga starta i 1903 og vegen opna i 1907. Store parti er bygd med handkraft medan arbeidarane hang i tau i han glatte fjellsida. Dette vart gjort fordi vegen manglar naturleg fundament.
Ny veg med fire tunnelar vart teken i bruk på 1960-talet. Dette er tunnelane Snauhaugen på 349 meter, Hansagjel på 697 meter, Tokagjel på 408 meter og Fossagjel på 365 meter. Det som er igjen av den gamle vegen utanfor tunnelane var føreslått verna i Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminneNasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminner (sjå avsnitt om Måbødalen og Tokagjelet) og halden ved like som gang og sykkelveg. 21. desember 2009 fredet Riksantikvaren Tokagjelet saman med 39 andre vegar omtalt i Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner.
I 2015 vart den rasfarlige strekninga forbi Haukanesberget utbetra ved at 2,3 km ny veg i dagen og i tunnel, Folkedalstunellen (1370 meter), vart anlagt. Utbetringa kosta 274 millionar kroner.Rasfritt i Hardanger. Våre veger, nr 10, 2015 s. 72
Kommunar og knutepunkt
Middagshaugtunnelen (Fv7) (61 m)
Gullbotn Grasdalstunnelen (63 m) Hisdalstunnelen (173 m)
Raunekleivtunnelen (251 m)
Haukanestunnelen (635 m)
Hagaåstunnelen (1641 m) Straumen bru (Frølandsvatnet, 118 m) fra Frølandsvatnet mot Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes i Kvinnherad Frøland bru (Jarlandselva, 25 m)
Liarostunnelen (561 m)
Mørkhølen Fossen Bratte Fossenbrattetunnelen (665 m) Teigen bru (kommunegrense Teigaelva, 21 m)
Teigabergtunnelen (423 m) Kvamskogen strekningens høyeste punkt, 454 moh.
Tokagjelet Fossgjeltunnelen (363 m) Tokagjeltunnelen (409 m) Hansagjeltunnelen (693 m) Snauhaugtunnelen (348 m)
Steinsdalen bru (Steinsdalselva, 43 m)
Børvenestunnelen ( m)Børvenestunnelen opna (7 nov 2011)
Bjelkanes
Fyksesundbrua (over Fyksesund, 346 m)
Steinstøberget
Stølsbrua (Stølselvi, 95 m)
Bjørgatunnelen (1545 m) Arm fra Beggevik til Lussand Saltskår bru (over fjellside, 25 m)
Folkedalstunnelen (1377 m) Veravikja skredoverbygg (72 m) Skipheller bru III (over dalsøkk, 25 m) Kattadalen skredoverbygg (35 m) Lindehola bru II (over dalsøkk, 20 m)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fylkesveg 7» frå , den 23. mai 2010. oppgav desse kjeldene: Fotnotar Bakgrunnsstoff
Ferjeinfo Brimnes-Bruravik Ferjeinfo Kinsarvik-Kvatndal
Kategori:Tidlegare vegnummer i Noreg Kategori:Fylkesvegar i Hordaland Kategori:Ferjesamband i Vestland Kategori:Nasjonale turistvegar Kategori:Vegar i Eidfjord Kategori:Vegar i Ulvik Kategori:Vegar i Voss Kategori:Vegar i Kvam Kategori:Vegar i Samnanger Kategori:Vegar i Bergen