Loch Ròg eller Loch Roag er ein sea loch eller ein fjord på vestkysten av Lewis i Ytre Hebridane.

Vatnet i Loch Roag er klårt og reint og her ligg fleire oppdrettsanlegg for laks og blåskjel. Av naturleg dyreliv i fjorden finn ein mellom anna sel, havørn, fiskehegre og oter.

Av dei mange øyane i fjorden finn ein: Great Bernera Eilean Chearstaidh (Eilean Kerstay) Fuaigh Beag (Vuia Beg) Fuaigh Mòr (Vuia Mòr) Pabaigh Mòr Vacsay

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Loch Ròg» frå , den 16. januar 2010.

Loch Ròg Ròg