Mandal er ein by og administrasjonssenteret i Lindesnes kommune i Agder fylke. Byen ligg på begge sidene av munningen av Mandalselva og har .
Mandal sentrum er ein typisk sørlandsby med mange kvitmåla trehus. Den eldste delen av byen ligg i vest og nord. Då industrien utvida seg i 1950- og 1960-åra vart det kraftig utbygging i dei vestlege områda Vestnes, Grøngjelet, Ulvegjelet og Oksevollen. I 1970-åra vart også store område på Skjebstad og Skinsnes–Ime aust for Mandalselva bygd ut. Vidare vart Frøysland og Østre Skogsfjord bygd ut i 1980-åra.
I sentrum står Mandal kyrkje, den største trekyrkja i Noreg. I 2012 vart Buen kulturhus opna, ein kulturbygning med mellom anna bibliotek, kinosalar, kunstgalleri og kulturskole. I 2014 opna Amfi kjøpesenter med eiga bryggje i Mandal.
Bilde frå Mandal
Kjelder
Bakgrunnsstoff Mandal - visitnorway.no – Turistinformasjon om Mandal
Kategori:Byar i Agder Kategori:Mandal kommune Kategori:Tettstader i Agder Kategori:Kommunesenter i Agder Kategori:Lindesnes kommune