mini|Strumble Head, Ynys Meicel, Ynys Onnen og fyret i solnedgang Strumble Head (walisisk Pencaer) er eit nes nord i Pembrokeshire i Wales.
Strumble Head fyr står på neset og Strumble VOR, ein del av ruta til mange flyruter over Atlanteren.UK Navaids Gallery - Strumble STU VOR/DME
Det er mykje kval utanfor Strumble Head, særleg niser. Det vert ofte organisert turar for å sjå etter kval i området. Det finst òg mykje sel nedanfor fyret.
Eit par hundre meter ut i sjøen ligg to små øyar, Ynys Onnen og Carreg Onnen. Eit fransk skipsvrak, kanskje frå den siste invasjonen av Storbritannia, vart funne i nærleiken i 2003.BBC NEWS - Divers find French invasion wreck
Bakgrunnsstoff www.geograph.co.uk: Bilete av Strumble Head og omliggande område
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Strumble Head» frå , den 22. januar 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Nes i Wales