Sør-Georgia (engelsk South Georgia) er ei øy i Søratlanteren som høyrer til det britiske oversjøiske territoriet Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane. Argentina gjer krav på Sør-Georgia og resten av dei britiske territoria i Søratlanteren. Sør-Georgia har ei flatevidd på 3 756 km² og er 170 km lang og 30 km brei. Det høgaste punktet på øya er Mount Paget på 2 934 moh. I alt elleve fjelltoppar er høgare enn 2 000 moh. 75 % av øya er dekt av snø og is. Det er meir enn 150 isbrear på øya, og Nordenskiöldbreen er den største. Øya har ingen fastbuande, men har forskingspersonell som er tilknytte museumsdrifta og forskingsstasjonane på Birdøya og King Edward Point.

Øya er ein av dei viktigaste hekke- og yngleplassane i Antarktis. Mellom anna ynglar 2,5 millionar pelsselar og 300 000 sørleg elefantselar på øya, og 2,7 millionar par gulltoppingvinar og 400 000 par kongepingvinar hekkar der. Norske kvalfangarar introduserte reinsdyr på øya, og Sør-Georgia er med det den einaste staden i verda der ein kan sjå villrein saman med pingvinar.

Sør-Georgia vart oppdaga av Antoine de la Roché i april 1675; fartyet hans var kome ut av kurs på ein segltur frå Lima i Peru til England. Øya vart på ny sett av spanjolen Gregorio Jerez i 1756. James Cook kom til Sør-Georgia 14. januar 1776 og var den fyrste som gjekk i land på øya.

Den norske kvalfangaren Carl Anton Larsen skipa Grytviken som den fyrste landstasjonen for moderne kvalfangst i Antarktis 16. november 1904. Fleire kvalfangststasjonar vart skipa i dei påfylgjande åra og verksemdene var dominerte av nordmenn. I desember 1965 drog dei siste kvalfangarane øya.

3. april 1982 gjekk argentinske styrkar til åtak på øya og ho vart etter kort tid overgjeven. Den argentinske okkupasjonen vart avslutta 25. april same året.

Geografi Sør-Georgia ligg sør for den antarktiske konvergensen på mellom 53,58º og 54,53º sørleg breiddegrad og 35,57º og 38,01º vestleg lengdegrad. Den sørlege breiddegraden til Sør-Georgia tilsvarar den nordlege breiddegraden til Kiel, og det er like langt frå Sør-Georgia til Sørpolen som frå Hamburg til Nordpolen. Det er 1 390 km til Falklandsøyane, som ligg i nord-nordvest, 2 150 km til Kapp Horn og 4 800 km til Kapp det gode håp.

Sør-Georgia har med dei små omkringliggjande øyane ei flatevidd på 3 756 km², som er tilnærma like stort som Alta kommune og som utgjer 96 % av arealet til Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane (3 903 km²). Sjølve øya Sør-Georgia har ei flatevidd på 3 528 km². Øya er 170 km lang og frå 2 til 40 km brei. Øya har to fjellkjeder, Allardyce Range og Salvesen Range. Det høgaste fjellet er Mount Paget på 2 934 moh, som vart nådd for fyrste gong i 1964. I alt elleve fjelltoppar er høgare enn 2 000 meter. Fjellkjedene og den bratte sørkysten skjermar nordkysten for vind og lågtrykk som kjem frå Drakesundet i vest og Antarktis i sør.«The Island » hjå Government of South Georgia and the South Sandwich Islands. Nokre av øyane og holmane kring Sør-Georgia er Albatrossøya, Annenkovøya, Birdøya, Cooperøya, Pickersgilløyane, Welcome Islands og Willisøyane. I tillegg vert dei avsidesliggjande berga Shag Rocks (med Black Rock) og Clerke Rocks rekna som ein del av øygruppa. Store delar av kyststripa til øya er vanskeleg å kome i land på. Havdjupna rundt Sør-Georiga er på opptil 4 000 meter.

mini|Satellittbilete av Sør-Georgia.

Om sumaren er 75 % av øya er dekt av snø og is, og i sørvest ligg snøen permanent på 200 meter, i nordaust på 400 meter. Om vinteren er heile øya snødekt. Det er i alt meir enn 150 isbrear på øya, og Nordenskjöldbreen er den største av dei. Seks landstasjonar og éi oppankringshamn vart skipa på øya i kvalfangartida, alle på nordaustkysten av øya.

Landstasjonane Godthul Godthul vart skipa i 1908 av Bryde & Dahls Hvalfangerselskap A/S. Godthul var den einaste staden på Sør-Georgia der ein berre fanga til flytande kokeri. Men det vart bygd ei kai, eit par skur og eit vassverk. Godthul fekk namn etter ei bukt på øya Veierland i Vestfold. Drifta i Godthul vart avvikla i 1929.Schandy 2001, s. 32.

Grytviken mini|Grytviken med kvalbåtane «Dias» og «Albatross» halvt nedsøkkte ved kaia. mini|Den gamle styrarbustaden i Grytviken vert i dag brukt som museumsbygning. Grytviken var den fyrste landstasjonen for moderne kvalfangst i Antarktis. Carl Anton Larsen ankra opp i Cumberland Bay 16. november 1904 og byrja å reise ein landstasjon for kvalfangst. Kapital var skaffa til vegar i Argentina via selskapet Compañía Argentina de Pesca. Julekvelden same år starta produksjonen. Den formelle lisensen for kvalfangstdrift vart tildelt 1. januar 1906. Grytviken var i over 50 år ein base for industriell kvalfangst. Compañía Argentina de Pesca dreiv Grytviken fram til 1960, då staden vart seld til Albion Star South Georgia. Kvalfangsten vart stadig meir effektiv, med den fylgja at førekomsten av kval gjekk kraftig attende. Albion Star la ned verksemda si i Grytviken i 1962 og leigde ut staden til japanske Kokusai Gyogyo Kabushike frå 1963 til 1965. Grytviken vart fråflytt den 4. desember 1965, etter å ha vore i ubroten drift sidan 1904, med unnatak av sesongen 1962–1963.«Landsstasjonene» hjå Hvalfangstmuseet. I 1979 vart Grytviken seld til det skotske selskapet Chr. Salvesen & Co. I 1992 vart staden overdregen til britiske styresmakter.

Styrarbustaden i Grytviken vart i 1992 omgjord til eit kvalfangstmuseum, men vart seinare utvida til å dekkje fleire område, slik som oppdaginga av øya, naturhistorie, Falklandskrigen og Ernest Schakleton. Det meste av Grytviken vart i 2003 jamna med jorda. Flenseplanet vart høvla vekk. Den samanrasa kinoen, biblioteket, vaskeriet og brakkene, medrekna det eldste bygget på øya, Russebrakka, vart rivne. 15 informasjonsskilt er sette opp for å forklåre kva ein ser og kva som ein gong var. Fleire av bygga på dei ulike landstasjonane er avsperra grunna helsefarlege nivå av asbest. Det ligg i dag ein forskingsstasjon som er driven av British Antarctic Survey éin km frå Grytviken på King Edward Point (norsk: Sauodden).

Husvik Husvik vart skipa 24. desember 1907 av A/S Tønsbergs Hvalfangeri. Verksemda i Husvik vart nedlagd i 1931. I dei 24 åra det var drift i Husvik, vart 16 200 kvalar fanga og 900 000 fat kvalolje og 380 000 sekker guano produserte.

I 1945 vart fangsten til Husvik teken opp att, og med skipinga av eit stort kjøtfryseanlegg i 1957, starta den fyrste norske kjøtproduksjonen i Antarktis. Kjøtproduksjonen vart kortvarig og i 1960 tok Albion Star over staden. Stasjonen vart delvis demontert og kjøtfryseanlegget flytt til Grytviken. I 1979 vart Husvik selt til det skotske selskapet Chr. Salvesen & Co. I 1992 vart det overdrege til britiske styresmakter.

Husvik har namnet sitt etter Husvik i Slagen i Vestfold, der den fyrste styraren, Søren Berntsen, kom frå.

Leith Harbour mini|Leith Harbour. Bilete frå 15. november 2007. Leith Harbour vart skipa av Christian Salvesen & Co 13. september 1909. Leith Harbour var, saman med Grytviken, den einaste landstasjonen som overlevde den store depresjonen som starta i 1929 og varte gjennom 1930-åra. Kvalfangstverksemda i Leith Harbour var i drift fram til 1965, med unnatak av åra 1932–1933, 1940–1941 og 1942–1945.Pettersen 1999, s. 251. Selskapet bak Leith Harbour kjøpte etter kvart opp alle dei andre verka på øya.

Christian Salvesen & Co åtte Leith Harbour fram til overdraginga til den britiske staten i 1992.

Ocean Harbour I New Fortuna Bay vart Ocean Harbour skipa av Hvalfangstselskapet Ocean A/S fra Larvik etter initiativ frå Lauritz E. Larsen, som var den fem år eldre broren til Carl Anton Larsen. Han hadde arbeidd som understyrar i Grytviken, og fekk lisens for å skipe ein landstasjon i New Fortuna Bay frå 1. oktober 1909. Lisensen var gyldig frå 10. oktober 1909 til 1920, då stasjonen vart slått saman med Strømnes.Pettersen 1999, s. 98. Ocean Harbour vart overdregen til britiske styresmakter i 1924.

Prince Olav Harbour Prince Olav Harbour vart etablert av det sørafrikanske selskapet Southern Whaling & Sealing Co i 1911. Prince Olav Harbour ligg i ei bukt ved innsiglinga til Possession Bay, og var den nordlegaste landstasjonen på øya. Området der Prince Olav Harbour ligg, vart i 1907 vurdert av Tønsbergs Hvalfangeri, men dei valde i staden å skipe ein stasjon i Strømnesfjorden, sidan staden var for vêrhard. Fram til 1919 var Prince Olav Harbour hamn for flytande kokeri, og fyrst i 1919 var landstasjonen ferdigbygd. Same året vart staden seld til Unilever. Unilever selde staden vidare til Christian Salvesen & Co i 1934. Kvalfangsstasjonen var i drift fram til 1931 og han vart overdregen til britiske styresmakter i 1935. Men Christian Salvesen & Co fekk flytt hus og utstyr til Leith og Strømnes.Pettersen 1999, s. 252.

Nordmannen Einar Abrahamsen var einaste styrar i Prince Olav Harbour frå oppstarten i 1920 til nedlegginga i 1934.

Strømnes mini|Strømnesfjorden Strømnes vart skipa av Sandefjords Hvalfangerselskab i 1906 i Strømnesfjorden. I dei fyrste åra var det berre flytande kokeri på grunn av manglande leigerettar for landfast verksemd. I 1908 starta bygginga av anlegg på land, og Strømnes var ferdig utbygd i 1914–1915.

Det var til Strømnes Ernest Shackleton og mannskapet hans på fem tok seg fram til i mai 1916, 16 månader etter at polarskipet «Endurance» hadde gått ned. Dei hadde sigla frå Elefantøya, som ligg 1 300 km lenger sør, i ein seks meter lang livbåt. Dei kom fram til King Haakon Bay på den andre sida av Sør-Georgia 8. mai. 36 timar seinare nådde dei Strømnes. Dagen etter drog dei tilbake til Elefantøya for å redde resten av mannskapet.

Kvalfangstverksemda i Strømnes stogga i 1931, og stasjonen vart etter det brukt som reperasjonsbase for kvalfangstbåtane fram til 1961.

Biologi Sør-Georgia har store hekkande fuglepopulasjonar, og mange av desse utgjer ein stor del av verdspopulasjonen. I tillegg finst det fuglar som er endemiske for øya, som sørgeorgiapiplerka og sørgeorgiaspissand. På øya veks det om lag 50 ulike frøplanter, noko som er langt frå den rikdommen arktisk flora kan vise til. I havet rundt øya finst det 20 blekksprutartar og 120 fiskeartar.

Fuglar mini|Ein vandrealbatross på Sør-Georgia. Hekkepopulasjonen er på 4 000 par. mini|Ein sørkjempepetrell fortærer eit selkadaver på Sør-Georgia.

På Sør-Georgia er det 30 millionar fuglar som hekkar, fordelt på 31 artar, der 27 av dei er sjøfuglar. Det er observert 81 fugleartar.

Sør-Georgia har om lag halvparten av verdspopulasjonen av gulltoppingvin, gråhovudalbatross, nordkjempepetrell, kvithakepetrell og antarktiskvalfugl, der antarktiskvalfugl-populasjonen på Sør-Georgia er 22 millionar. Det meste av verdspopulasjonen av sørgeorgiaskarv (Phalacrocorax georgianus) lever her. Sørgeorgiapiplerka er endemisk for øya og finst berre i rottefrie område. Populasjonen er på 3 000-4 000. Sørgeorgiaspissand er ein underart av spisshaleand, og er også endemisk for øya. Populasjonen er på berre 1 000.«Terrestrial Wildlife » hjå South Georgia Heritage Trust.

Hekkepopulasjonen til den største sjøfuglen i verda, vandrealbatrossen, er på 4 000 par og utgjer 15 % av verdspopulasjonen. Gråhodealbatrossens hekkebestand på øya er 80 000 par og utgjer 46 % av verdspopulasjonen. I tillegg hekkar gråalbatross (5 000–8 000 par) og svartbrynalbatross (100 000 par) på øya.

Snøpetrellen held til i fjella på Sør-Georgia på over 1 000 meters høgd. Nord- og sørkjempepetrellane held til rundt dei store sel- og pingvinkoloniane og livnærer seg på daude dyr. Kjempepetrellane tel høvesvis 3 000 og 5 000 par.

Dei ti største populasjonane av hekkefuglar på øya er: