Bygland kyrkjebygd, eller Bygland, er ein tettstad og administrasjonssenteret i Bygland kommune i Agder fylke. Tettstaden ligg i Setesdalen ved utløpet av Kvålsåna, på austbreidda og nær den nørdre enden av Byglandsfjorden, og har .

På Bygland ligg Bygland oppvekstsenter, Byglandshallen, KVS Bygland (privat vidaregåande skule), barne- og ungdomsskule, Bygland museum, Glashytta i Setesdal, Byglandsheimen (alders- og sjukeheim), Bygland folkebibliotek, bensinstasjon og butikkar. Sentralt i bygda står Bygland kyrkje, ei krosskyrkje frå 1838.

Riksveg 9 (Kristiansand–Haukeligrend) passerer Bygland sentrum nede ved fjorden. Frå sentrum går Jordalsvegen austover til gardane Lidi, Jordalsbø og Skreland.

Kjelder

Kategori:Busetnader i Bygland Kategori:Bygder i Agder Kategori:Tettstader i Agder Kategori:Kommunesenter i Agder