Borebiller (Anobiidae) er ein artsrik familie av små, ofte vedborande biller. Denne familien omfattar også underfamilien tjuvbiller (Ptininae) som før gjerne blei rekna som ein eigen familie. Mange borebilleartar kan leve av tørt treverk og kan gjere stor skade på bygningstømmer, møblar og andre tregjenstandar. Dei er kjende med namn som dødningeur, veggesmedar, mit og tremark. Det er også ein del artar som lever på ulike slags lagra matvarer og liknande, for eksempel tobakksbilla og gruppa tjuvbiller.
Utsjånad mini|venstre|Larve
Små til middelsstore (2-9 mm) biller, mange har sylindrisk kroppsform, men dette varierer mykje. Som oftast brunlege på farge, kroppen ofte heilt eller delvis dekt med skjel. Dei artane som borar i ved er gjerne sylindriske, og brystskjoldet (pronotum) er høgt kvelva og dekkjer hovudet som ei hette - dette er eit trekk ein finn hos mange treborande biller, for eksempel hettebiller (Bostrichidae) og borkbiller (Scolytinae). Hovudet er vanlegvis lite og noko nedoverbøygd, fasettaugene runde eller ovale, ikkje oppdelte. Antennene varierer mykje i form - dei kan vere lange og perlekjedeforma (tjuvbiller), korte og tynne, kamforma eller meir eller mindre kølleforma. Dei består av 9-11 ledd. Brystskjoldet (pronotum) er vanlegvis høgt kvelva, ofte med tydelege knølar eller furer. Hos dei fleste er det omtrent så breitt som dekkvengene, men av og til berre halvparten så breitt. Dekkvengene er oftast parallellsidige, men dannar ein oval til kulerund form hos tjuvbiller (Ptininae). Dei er vanlegvis matte, ofte med mønster danna av skjel, av og til med rekkjer av grove punktgroper. Beina er forholdsvis lange og slanke, og kan foldast tett inntil kroppen.
Larvane er korte og trinne, gjerne meir eller mindre hårete.
Levevis mini|Larvane gneg i treverk
Dei fleste av borebillene lever utandørs og borar i død ved. Dei har mikroorganismar som hjelper dei med å fordøye veden. Ein del artar har tilpassa seg å angripe bygningstømmer og møblar, og «motthol» i treverk stammar oftast frå desse billene. Dei er i stand til å angripe ganske tørt og hardt treverk. Desse artane likar gjerne å ha det varmt og ein finn ofte at skadane er konsentrert til varme stadar, for eksempel langs varmtvassrør. Hos nokre arter kommuniserer billene ved å dunke hovudet og forbrystet mot veggane i gangane dei lever i. Dette gir ein høyrbar tikking og har gitt opphav til namn som dødningeur og veggesmedar.
Andre artar lever av ulike slags dødt plantemateriale. I naturen kan ein finne desse billene i gamle fuglereir eller liknande, men nokre artar et gjerne ulike slags lagra matvarer. Tobakksbilla (Lasioderma serricorne) er eit eksempel på ein slik art, som i tillegg til tobakk kan angripe mange andre slags tørre lagervarer.
Underfamilien tjuvbiller (Ptininae) finst gjerne inne i litt fuktige hus, og kan gjere noko skade på ulike lagra varer. Nokre av desse artane har blitt spreidde over heile verda med handel.
Dei små artene i slekta Dorcatoma lever i tørr gjødsel, særleg haremøkk.
Artar som skadar treverk Mit eller Mott er namn på biller i familien borebiller (Anobiidae) som gjer skade på treverk. Mott blir også brukt på sommarfuglar av familien Pyralidae. Den arten som oftast gjer skade, er stripete borebille (Anobium punctatum). Billene kan gjere alvorleg skade, særleg på eldre hus og møblar. «Mottehol» i treverk og møblar er som oftast laga av desse billene. Andre norske namn er dødningeur, veggesmedar og tremark.
Stripete borebille (Anobium punctatum) er den viktigaste skadegjeraren på bygningstømmer og møblar i Noreg. Den let etter seg ca. 2 mm store flygehol når billene kryp ut. Hus som blir angripne bør gassast, mindre gjenstandar kan ein fryse.
Dødningeur (Xestobium rufovillosum) kan også gjere monaleg skade, men er truleg mindre vanleg enn den stripa borebilla. Namnet dødningeur er blitt brukt om fleire artar.
Naustmott (Grynobius planus) er ein litt større art som er svært var for kalde vintrar og difor berre finst på dei aller vintermildaste områda, nær havet, i Noreg. Den borar vanlegvis i død ved frå lauvtre, men kan også av og til gjere monaleg skade på naust og andre bygningar som står ved sjøen. Angrep av naustmott kan skiljast frå angrep frå stripete borebille på at flygehola er noko større.
Systematisk inndeling / norske artar right|thumb|240px|Nokre artar er svært små
Tjuvbiller (Ptininae) blei tidlegare rekna som ein eigen familie. Ordenen Biller, Coleoptera Underordenen Polyphaga Infraordenen Bostrichiformia Overfamilien Bore- og hettebiller , Bostrichoidea Familien Borebiller, Anobiidae Underfamilien Maskeborebiller, Eucradinae Hedobia imperialis (Linnaeus, 1767) Underfamilien Tjuvbiller, Ptininae Gibbium psylliodes (Czempinski, 1778) Messingtjuvbille, Niptus hololeucus (Faldermann, 1836) Epauloecus unicolor (Piller & Mitterpacher, 1783) Australsk tyvbille, Ptinus tectus Boieldieu, 1856 Ptinus dubius Sturm, 1837 Ptinus sexpunctatus Panzer, 1795 Ptinus rufipes Olivier, 1790 Flekkete tjuvbille, Ptinus fur (Linnaeus, 1758) Ptinus bicinctus Sturm, 1837 Ptinus villiger Reitter, 1884 Ptinus subpilosus Sturm, 1837 Ptinus raptor Sturm, 1837 Underfamilien Dryophilinae Naustmott, Grynobius planus (Fabricius, 1787) Lerkeknoppbille, Dryophilus pusillus (Gyllenhal, 1808) Underfamilien Mykborebiller, Ernobiinae Dødningeur, Xestobium rufovillosum (Degeer, 1774) Episernus angulicollis Thomson, 1863 Ernobius longicornis (Sturm, 1837) Ernobius nigrinus (Sturm, 1837) Ernobius explanatus (Mannerheim, 1843) Mjuk borebille, Ernobius mollis (Linnaeus, 1758) Ernobius angusticollis (Ratzeburg, 1847) Grankonglebille, Ernobius abietinus (Gyllenhal, 1808) Ernobius abietis (Fabricius, 1792) Ernobius pini (Sturm, 1837) Underfamilien Stripeborebiller, Anobiinae Stegobium paniceum (Linnaeus, 1758) Stripete borebille, Anobium punctatum (Degeer, 1774) Anobium nitidum Fabricius, 1792 Anobium fulvicorne Sturm, 1837 Anobium rufipes Fabricius, 1792 Anobium thomsoni (Kraatz, 1881) Microbregma emarginata (Duftschmid, 1825) Munkehette, Hadrobregmus pertinax (Linnaeus, 1758) Underfamilien Kamborebiller, Ptilininae Kamhorna borebille, Ptilinus pectinicornis (Linnaeus, 1758) Ptilinus fuscus Geoffroy, 1785 Underfamilien Vedborebiller, Xyletininae Xyletinus laticollis (Duftschmid, 1825) Xyletinus ater (Creutzer, 1796) Xyletinus pectinatus (Fabricius, 1792) Xyletinus longitarsis Jansson, 1942 Xyletinus hanseni Jansson, 1947 Tobakksbille, Lasioderma serricorne (Fabricius, 1792) Underfamilien Soppborebiller, Dorcatominae Stagetus borealis Israelson, 1971 Dorcatoma chrysomelina Sturm, 1837 Dorcatoma punctulata Mulsant & Rey, 1864 Dorcatoma dresdensis Herbst, 1792 Dorcatoma robusta Strand, 1938 Caenocara bovistae (Hoffmann, 1803) Anitys rubens (Hoffmann, 1803)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Borebiller» frå , den 29. januar 2010, som oppgav kjelda: Silfverberg, H. 1992. Enumeratio Coleopterorum Fennoscandiae, Daniae et Baltiae (Liste over Nordens biller). Helsinki.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Biller