Craigleith er ei lita øy i Firth of Forth utanfor North Berwick i East Lothian i Skottland. Namnet kjem frå det skotsk-gæliske Creag liath, som tyder ‘grå stein’. Ho er 24 meter over havet på det høgaste.

Craigleith er ei rekkje øyar nær North Berwick i lag med Bass Rock, Fidra og The Lamb. Av dei fire øyane er ligg Craigleith nærast hamna i byen. Som dei andre øyane har Craigleith ein fuglekoloni. Craigleith er ein lakkolitt, ein lavadom. Det finst mykje spor etter gammal vulkansk aktivitet i Lothian, som Bass Rock og Arthur's Seat. Craigleith består av essexitt, som er populær å lage curlingsteinar av.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Craigleith» frå , den 8. februar 2010. oppgav desse kjeldene: Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.

Kategori:Øyar i Firth of Forth