Jevgenij Ivanovitsj Zamjatin () var ein russisk forfattar som er mest kjend for romanen Vi (1920), ein dystopisk satire som var noko av inspirasjonen bak George Orwell si 1984 og visstnok òg Aldous Huxley sin Vidunderlege nye verden. Romanen handlar om eit framtidig totalitært samfunn der menneska nærast er omskapte til robotar. Boka vart først gjeven ut i Sovjetunionen under glasnost i 1980-åra.

Zamjatin slo igjennom med romanen Provinsliv i 1913. Andre satiriske forteljingar var Hulen og Mamaj. Han studerte marinteknikk og jobba med det før hobbyen med å skrive skjønnlitteratur vart fulltidsyrket. Som så mange andre støtta han oktoberrevolusjonen, men kom seinare i unåde hos det nye regimet på grunn av den brysame litteraturen hans. Han emigrerte derfor i 1931 og døydde i Paris i 1937.

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Jevgenij Zamjatin» frå , den 13. februar 2010.

Kategori:Russiske forfattarar Kategori:Science fiction-forfattarar