mini|Inngangen til Fingal's cave, 1900 (syner lågare tidvatn) mini|Inngangen til Fingal's cave, 2004 Fingal's Cave er ei sjøgrotte på øya Staffa i Indre Hebridane i Skottland, og ein del av det nasjonale naturreservat eigd av National Trust for Scotland. Ho består av heksagonale basaltsløyler og liknar Giant's Causeway i Nord-Irland og søylene nær Ulva. Desse har oppstått ved avkjøling av varm lava, som seinare har kome fram på grunn av erosjon.

Storleiken, det naturlege kvelvforma taketThe Internet Guide to Scotland og ein nifs lyd skapt av ekkoet frå bølgjene, gjer grotta ei kjensle av å vere ein naturleg katedral. Det gæliske namnet Uamh-Binn tyder «melodigrotta».Show Caves of the World

venstre|mini|Inne i grotta, mot øya Iona, 2008

Grotta vart «oppdaga» av Joseph Banks i 1772.Caves and Caving in the UK Ho vart då kalla Fingal's Cave etter helten frå eit episk dikt av den skotske dikthistorikaren James Macpherson. I irsk mytologi er helten Fingal kalla Fionn mac Cumhaill.

mini|Basaltsøyler inne i Fingal's Cave

Den romantiske komponisten Felix Mendelssohn vitja grotta i 1829 og skreiv overturen Die Hebriden, ofte berre kalla Fingal's Cave-overturen, inspirert av dei rare lydane i grotta. Mendelssohn gjorde slik grotta til ein populær turistdestinasjon. Andre kjende personar som vitja grotta på 1800-talet var forfattaren Jules Verne, diktarane William Wordsworth, John Keats og Alfred, Lord Tennyson, og målaren William Turner, som målte «Staffa, Fingal's Cave» i 1832.The Art Archive, JM Turner Dronngg Victoria vitja òg grotta.

Ein av dei tidlege songane til Pink Floyd for filmen Zabriskie Point vart kalla opp etter grotta, men ikkje nytta i filmen."Unreleased Pink Floyd material" The Pink Floyd Hyperbase.

Bakgrunnsstoff

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fingal's Cave» frå , den 21. februar 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Geografi i Argyll and Bute Kategori:Grotter i Skottland Kategori:Indre Hebridane Kategori:Sjøgrotter Kategori:Søylebasalt