Morfologisk modifikasjon er ein morfologisk operasjon av ein av desse typane:
Ein endrar på eitt eller fleire fonem i basen. Ein endrar eller legg til trykk, aksent eller tone i basen.
Eit døme på type 1 er tilhøvet mellom desse to bøyingsformene av det norske leksemet MANN:
Bøyingsformer av MANN Ubunden, eintal: mann Ubunden, fleirtal: menn
Vi endrar vokalen i basen frå a til e for å uttrykkje ubunden og fleirtal.
Eit døme på type 2 er tilhøvet mellom desse to engelske leksema:
To engelske leksem import /ˈɪmpɔːt/ (substantiv) 'import' import /ɪmˈpɔːt/ (verb) 'importere'
Vi flytter trykket til siste stavinga for å danne eit verb av eit substantiv.
Litteratur
Bye, Patrik, Trond Trosterud og Øystein Vangsnes 2003: Språk og språkvitskap, ei innføring. Oslo: Samlaget.
Kategori:Lingvistisk morfologi