Flodaigh er ei lita øy i Loch Roag på vestsida av Lewis i Ytre Hebridane i Skottland. Ho er om lag 33 hektar stor og det høgaste punktet på øya ligg 48 meter over havet. Namnet kjem frå norrønt for «flat øy».

Øya var busett fram til 1827 då ho vart reinska for folk slik at ein kunne nytte ho til sauehald..Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. s. 306. ISBN 1841954543.

Den vesle øya Gousam ligg nordaust for Flodaigh og dei større øyane Fuaigh Beag og Fuaigh Mòr lenger aust.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Flodaigh, Lewis» frå , den 26. februar 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Ytre Hebridane Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Skottland