For øya litt lenger sør, sjå Grimsay sør for Benbecula

Grimsay (skotsk-gælisk Griomasaigh, norrønt Grimsey) er ei tidvassøy i Ytre Hebridane i Skottland. venstre|mini|Bagh Mòr på Grimsay, med Ronay i bakgrunnen venstre|mini|Eit wheelhouse på Grimsay

Grimsay er den største av dei lågtliggande øyane som vegen Oitir Mhòr (North Ford) går over, mellom North Uist og Benbecula. Fram til vegen opna i 1960, gjekk det ferje frå Carinish på North Uist til Gramisdale på Benbecula, men denne kunne berre gå ved høgvatn. Aust for Grimsay ligg fleire mindre øyar, mellom anna Ronay som var busett fram til 1920-åra.

Dei største grendene på Grimsay er Baymore (Bàgh Mòr) og Kallin (Ceallan) aust på øya. Grimsay har ei hamn ved Kallin, som er base for ein forholdsvis stor skalldyrindustri., hovudnæringa på øya. Denne baserer seg hovudsakleg på hummar, reker og muslingar. Båtbygging har alltid vore viktig på øya.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Grimsay» frå , den 26. februar 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Ytre Hebridane Kategori:Tidvassøyar i Skottland Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Skottland