Ala (arabisk علاء, ‘alá’) er den nittande og siste månaden i bahaiåret, og er ein fastemånad. Månaden kjem etter dei innskotne dagane ayyám-i-há og varer frå 2. til 20. mars etter den vestlege kalenderen. Namnet på månaden tyder noko slikt som «høgheit». Fastetida er kjend som «nittendagarsdasta».
Fastemånaden er kjend frå babismen, forløparen til bahai. Bahaullah vidareførte fasten, men endra fleire av reglane.
Under fasten skal ein ikkje eta eller drikka frå soloppgang til solnedgang. Bahaiar skal halda fasten frå dei er femten til dei er sytti. Det finst unntak, til dømes for sjuke, reisande, folk som gjer hardt kroppsarbeid og gravide, ammande eller menstruerande kvinner.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bahá'í calendar» frå , den 1. mars 2010.
Delar av denne artikkelen bygger på «Nineteen-Day Fast» frå , den 5. april 2018.
kategori:bahai kategori:månader kategori:faste