Kalaslekta (Zantedeschia) er ei planteslekt i myrkonglefamilien som høyrer heime i det sørlege Afrika, frå Sør-Afrika og nord til Malawi. Det er åtte godkjende artar i slekta,«African flowering plants database» frå Conservatoire et Jardin Botaniques Ville de Genève. og dei vert 1–2,5 m høge. Blada på kalaene er pilforma, og kan verte mellom 15 og 45 cm lange. Blomstrane er grøngule og omgjevne av eit stort trompetforma hylsterblad. Stovekalaen (Z. aethiopica) vert dyrka som potteplante.

Kala-artane er giftige fordi dei inneheld kaliumoksalat. «Alle delar av planta er giftige, og gjev irritasjon eller opphovning av munn og svelg, og plutseleg kvalme og diaré.»«All parts of the plant are toxic, and produce irritation and swelling of the mouth and throat, acute vomiting and diarrhea.» – «Arum or calla lily (Zantedeschia aethiopica ) av Jackie Miles hjå South Coast Weeds / Eurobodalla Shire Council. Likevel vert blada nokre gonger kokte og etne, ettersom varmebehandling skal øydeleggja giftstoffa.

Planter av denne slekta har vorte brukt i mange måleri, mellom anna i mange av kunstverka til Diego Rivera.

Artar Zantedeschia aethiopica (stovekala) Zantedeschia albomaculata Zantedeschia elliottiana Zantedeschia jucunda Zantedeschia odorata Zantedeschia pentlandii Zantedeschia rehmannii Zantedeschia valida

Kjelder

«Kala» hjå Store norske leksikon, innhenta 2. mars 2010 (lisensiert under CC-BY-SA). «Kajana» på Wikipedia på engelsk, innhenta 2. mars 2010.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Myrkonglefamilien Kategori:Giftige plantar