Stortingets kommunal- og forvaltingskomité er ein fagkomité på Stortinget. Den vart skipa 19. oktober 2005, og har vore i verksemd i stortingsperiodane 2005-2009 og 2009-2013. Komiteen tok over saksområde mellom anna frå den tidlegare Stortingets kommunalkomité som då vart lagt ned.
Komiteen handsamar saker knytte til kommunal forvalting, regional- og distriktspolitikk, innvandringspolitikk, bustadpolitikk, bygningssaker, nasjonale minoritetar, samiske spørsmål, saker om organisering og verkeområde for statleg forvalting, statens fellesadministrasjon, statleg personalpolitikk - mellom anna løn og pensjon, og partistøtte.
Kommunal- og forvaltingskomiteen hadde 14 medlemmar i perioden 2005-2009, og har 13 medlemmar i perioden 2009-2013.
Medlemmar 2009 - 2013
Frå Arbeidarpartiet Ingalill Olsen, Finnmark, andre nestleiar Lise Christoffersen, Buskerud Håkon Haugli, Oslo, møter fast for Jens Stoltenberg Hilde Magnusson Lydvo, Hordaland Eirik Sivertsen, Nordland Frå Framstegspartiet Gjermund Hagesæter, Hordaland, første nestleiar Per-Willy Amundsen, Troms Åge Starheim, Sogn og Fjordane Frå Høgre Trond Helleland, Buskerud Michael Tetzschner, Oslo Frå Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti (i rekkefølgje) Geir Jørgen Bekkevold, Telemark Ola Borten Moe, Sør-Trøndelag Heikki Holmås, Oslo, leiar
Bakgrunnsstoff Komiteen si nettside
Kommunal- og forvaltningskomiteen