Auskerry (norrønt Austrsker, «austskjeret») er ei lita øy aust i Orknøyane. Ho ligg i Nordsjøen sør for Stronsay. Det står eit fyr på øya, bygt i 1866.

venstre|mini|Auskerry fyr

Skildring Auskerry er ei lita, flat øy av raud sandstein, 4,5 km sør for Stronsay. Ein ståande stein og eit kapell frå mellomalderen er teikn på tidleg busetnad. Øya var utan folk ein periode etter at fyret vart automatisert i 1960-åra. Ho var tidlegare ein populær stad for å jakte på sel.

Auskerry har vore busett i 30 år av ein familie som driv med sauehald. Det står tre små vindturbinar og fire solcellepanel på øya som gjev øya straum.

Fyr «Hastings County» var eit 116 meter langt norsk lasteskip som gjekk på grunn nordvest for Auskerry i 1926 i tjukk skodde. Fartøyet braut i to og vraket vart spreidd over store område. Maskinen hamna på stranda.

Fyret ligg nord for Stronsay Firth. Det vart bygt i 1866 av ingeniørane David og Thomas Stevenson..

Dyreliv Auskerry har status som Special Protection Area (særskild verneområde) på grunn av viktige hekkeområde for isterne og havsvale; 4,2 % av hekkande havsvaler i Storbritannia hekkar på denne øya.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Auskerry» frå , den 7. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Orknøyane Kategori:Site of Special Scientific Interest i Skottland Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Skottland