Eduardo dos Reis Carvalho, eller berre Eduardo () er ein portugisisk fotballspelar og keeper for det portugisiske landslaget og, i 2013/14-sesongen, Braga i den portugisiske toppdivisjonen, der han spelar på lån frå Genoa i italiensk Serie A.

Eduardo vart fødd i Mirandela i Bragança-distriktet. Han fekk ikkje gjennombrotet sitt som profesjonell fotballspelar før han var midt i 20-åra. Han begynte å spela i Braga, men fekk sine første kampar i den portugisiske toppdivisjonen på lån til Beira-Mar i 2006/07-sesongen.

Den neste sesongen vart Eduardo lånt ut til Vitória, og var ein nøkkelspelar i laget som vann den portugisiske ligacupen. Han redda tre straffespark i straffesparkkonkurransen i finalen mot Sporting.

I 2008/09-sesongen var Eduardo attende i Braga, der han spelte alle seriekampane og alle kampane i UEFA-cupen.

Etter fotball-EM i 2008 tok landslagstrenaren Carlos Queiroz med Eduardo i den nye landslagstroppen som han bygde opp til VM-kvalifiseringa for fotball-VM i 2010. Han fekk landslagsdebuten sin 11. februar 2009 i ein 1-0-siger over Finland i ein privatlandskamp heime. Han spelte resten av VM-kvalifiseringskampane.

Kjelder Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 8. mars 2010.

Kategori:Portugisiske fotballspelarar Kategori:Braga-spelarar Kategori:Beira Mar-spelarar Kategori:Vitória de Setúbal-spelarar Kategori:Benfica-spelarar Kategori:Genoa-spelarar Kategori:Istanbul-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016