Verstanclahorn er ein 3 298 meter høg fjelltopp i Silvrettafjella. Fjellet ligg i kantonen Graubünden i Sveits. Forma på fjelltoppen minner om ei pyramide der nordsida stig opp ovan om Verstancla-breen. Den vesle breen Vadret da las Maisas ligg på sørsida av fjellet.

Fjelltoppen ligg på ei fjellrekke mellom det sentrale Graubünden i nord, og Engadin-dalen i sør. Elvane Rhinen og Inn har nedslagsfelt på kvar si side av fjellrekka.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Verstanclahorn» frå , den 10. mars 2010.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Graubünden