Piz Sesvenna er eit 3 204 meter høgt fjell i Sesvennafjella i Engadin. Fjelltoppen ligg tett vest for landegrensa mellom Italia og Sveits. Fjellet ligg i den sveitsiske kantonen Graubünden, aust for kommunen Scuol. Nord for austegga ligg isbreen Sesvennabreen.

Toppen kan ein nå frå Schlinig i Sør-Tyrol via fjellhytta Sesvennahütte i Schlinigtal. Frå fjellhytta går turen gjennom Sesvenna-skaret og over isbreen og austegga til det høgste punktet. Ein kan også klive til topps med utgangspunkt i Taufers og gjennom dalen Avignatal.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Piz Sesvenna» frå , den 12. mars 2010.

Bakgrunnsstoff Piz Sesvenna på SummitPost

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Graubünden