thumb|Holmenkollbakken med inngangen til Skimuseet. Skimuseet i Holmenkollen er verdas eldste museum for ski og skihistorisk utstyr. Skisamlinga til slottsforvaltar Hjalmar Welhaven danna grunnstammen i samlinga. Det vart grunnlagt i 1923 og ligg i dag ved hoppet i Holmenkollbakken.
Museet dekker 4000 års skihistorie. Det inneheld helleristingar av skiløparar frå steinalderen, ski frå vikingtida, ski og skiutstyr frå ulike landsdelar. I tillegg kan ein sjå utstyr frå ekspedisjonane til Fridtjof Nansen og Roald Amundsen. Det har ei eiga avdeling for Kongehuset si skisamling.
Bakgrunnsstoff Skimuseet i Holmenkollen
Kategori:Museum i Oslo Kategori:Skipingar i 1923 Kategori:Museum skipa i 1920-åra Kategori:1923 i Noreg